Eg har dei siste dagane hørt litteraturformidlarar påstå at mi siste barnebok TJUVEN er det nærmaste ein kan komma porno for barn. Eg har hørt at ei stor forsamling litteraturformidlarar alle var einige om at denne boka ville dei ikkje formidla til noko barn. Boka burde plasserast i biblioteket sitt magasin. Boka burde ikkje vore utgitt. Ein litteraturmeldar i Dagbladet har spurt om ikkje barn burde få behalda skamma og tabua sine i fred. Ho skriv også at boka burde vore utstyrt med varseltrekant.
Men eg har også i ei bokmelding i Fædrelandsvennen lese at TJUVEN burde lesast høgt på skular og søndagsskular, fordi ho handlar om å tilgi.

av Rune Belsvik

Eg er forvirra.  Eg hadde ikkje trudd det skulle oppstå ein slik debatt.  Det liknar svært mykje på den gongen eg debuterte i 1979 med ungdomsromanen INGEN DRITTUNGE LENGER.  Den gongen var det også nokre som ville forby boka, og eg blei kalla inn i diverse studio for å diskutera.

Den gongen følte eg meg skulda for å bringa kroppens lyster inn på tenåringsromma.  At ungdommen til då hadde levd i ei boble der den einaste lysta som fanst var lysta til å vera slik mor og far prøvde å skapa dei.

Denne gongen føler eg meg skulda for å ha ført noko ureint inn på barnerommet.

Eg har sagt mange gonger at barnelitteratur ikkje må vera like sunt som tran.  Barnelitteraturen må ta sjansar.  Han må våga.  Slik all kunst må.  Ikkje berre underhalda og døyva og hjelpa til med å få tida til å gå.  Ikkje berre sjå på det enkle, det ferdigforklarte.  Ikkje berre fastholda det som alt er fast.  Jo, eg meinar det er viktig med underhaldande bøker for barn.  Spenning og krim.  Det er viktig med harmoniske og lette forteljingar.  Gode idyllar er også viktig.  Men eg trur mange barn kjenner seg aleine i sine eigne følelsar og tankar fordi det finst så lite forteljingar om det dei balar på med.  Det er utelatt.  Det er togn.

Eg er ingen pedagog – eg er forfattar.  Eg er ikkje på pedagogane si side, men på barna si side.  Og først av alt prøver eg å vera på sida til det barnet eg ein gong var.  Det barnet som framleis pregar meg så mykje og lurer på om det er ein plass for ein slik ein her i verden.

TJUVEN har det til felles med så å seia alt eg har skrive for barn, at eg prøver å nærma meg det eg kallar livsalvoret.  Det handlar om å vera til i verden som liten.  Å stå i si eiga uvisse.  Å stadig møta framande hendingar og utfordringar.  Eit barn som står i sitt naturlige utgangspunkt, og kolliderer med den vaksne kulturen.  Dei vaksne si forteljing om korleis verden er.  Det vaksne språket om kva kroppar og liv er.  Den vaksne sanninga.  Den vaksne fornektinga.

I mitt arbeid med denne boka var det viktig for meg å vita at det alt finst mange forteljingar om kroppslyster på barnerommet.  På mange barnerom står det fjernsyn og datamaskinar.  Det er telefonar og blad der.  Men dei fleste forteljingane om kroppens lyster er forteljingar om og for vaksne.  Slik det er framstilt i pornografien.  Dei gongene det er med barn i desse forteljingane handlar det ofte om incest og pedofili.

Tenk berre på dei grove forteljingane som har fylt media lenge no.  Desse forteljingane når fram til barn.

Eg ville skriva ei forteljing med utgangspunkt i korleis eg sjølv møtte desse lystene som sju-åtteåring.  Korleis det var å oppleva at ein kunne fikla med kroppen sin.  At det fanst noko godt og rart i livet som svært mange dreiv på med, men som eg til då ikkje hadde visst noko om.  Nok dei aldri snakka om på barne-tv.  Noko læraren aldri nemnde.

 Då ein kamerat lærte meg å ronka i 10-årsalderen, tenkte eg ein augeblink at dette burde eg læra far min også.  Eg forsto ikkje at det kunne finnast noko så godt, som det var så enkelt å få til, utan at folk snakka om det.   Men eg oppdaga snart at dette var ein av desse tinga ein tidde om.

Viss det er slik at språk er makt, så er min påstand at svært mange barn manglar eit språk kring sin eigen kropp og lystene og ulystene i denne kroppen.  Forteljingane om dette manglar.  Barna er språklause og maktelause i sitt møte med seksualiteten slik han kjem mot dei frå den vaksne kulturen.  Der det ofte er berre sex, eller ikkje sex i det heile tatt.  Derfor er det viktig at barn får eit språk kring dette.  Nokon må fortelja dei at dei bestemmer sjølv over sin eigen kropp.  At mykje som kan verka rart er heilt vanlig.  At det finst svært mange forteljingar om korleis barn opplever lystene og ulystene.  At det er heilt vanlig å ha meir lyst å plukka blåbær enn å gni seg naken mot kroppen til den ein er i skogen med.  Men at det motsette også er vanlig.  At det dei opplever faktisk kan forteljast.  Og vi som skriv for barn bør prøva å fortelja det.  Ikkje pedagogisk korrekt.  Men personlig og utforskande, slik vi kan dikta om det vi vågar å skriva om.  

Mitt ærend er ikkje å provosera, men å våga å ta på alvor det som barnet i meg framleis balar på med.  Å gå til dei stadene i sinnet som står einsame og usikre og nesten utan språk.  Eg føler framleis mange gonger at eg er liten og står ved ein sølepytt og nøler med å nærma meg dei andre.  Nøler med å visa meg fram.  Eg er redd at det stemmer det eg har ei aning om:  At eg eigentlig ikkje passar heilt inn i denne verden.  

Eg synest det er trist å høra at formidlarar av norsk barnelitteratur seier at dei ikkje vil formidla TJUVEN.  Litteraturformidlarane er mange, og dei er mektige.

 

Les Dagbladets artikkel her.