Første veka i november er det duka for litterære opplevingar for store og små, når nynorsk barnelitteraturfestival Falturiltu går av stabelen for andre gong. Festivaldiktar i år er Rune Belsvik.

– Rune Belsvik er ein fantastisk forfattar med ein eigen evne til å fengja lesarane, anten han skriv for vaksne eller born. Men det er som barnebokforfattar han verkeleg har utmerka seg, og me gler oss til å kunna dela han med publikum gjennom ei tettpakka festivalveke, seier leiar i programkomiteen Hege Myklebust.

– Det er fleire nye programpostar i år, i tillegg til at dei mest populære postane frå i fjor kjem att. Dermed blir det forteljarkveld med Rune Belsvik og Hans Sande i Ådlandsstova på museet, og møte med forfattarane i Kulturhuset. Blant dei nye postane er ei eiga barneteatergruppe som skal dramatisera tekstar av Rune Belsvik, både i Samhald og i Kulturhuset, og ikkje minst kulturstien langs Vikabekken.

Svært mange kjenner Landet ved bekken frå bøkene om Dustefjerten. Atle Hansen har regien, og har brukt Vikabekken som ramme for å gjenskapa Landet ved bekken. Elevar frå musikklina ved Stord Vidaregåande skule vil vera med på å trylla fram dei kjende figurane frå bøkene: Dustefjerten, Andungen, Kavringreven og Holesnusken. Rune Belsvik vil sjølv vera med på ein av stasjonane, og sjølvsagt blir det både ploppesteinar og pudding.

– Høgdepunkta står tett, me skal ha internasjonal fest med program for både born og vaksne i Samhald, barnelitteraturseminar på Høgskulen, barnebokbad i Kulturhuset, framsyninga Englefjell, presentasjon av årets bøker, og under heile festivalveka er det eiga Belsvik-utstilling i Gallergi Giga. Men aller flottast blir kanskje punktumet, Raltura for vaksne. Då kjem Valkyrien Allstars og spelar i Kulturhuset, det blir festtale av Rune Belsvik og opplesing av Ingelin Røssland, Lars Amund Vaage og Erna Osland. Etterpå blir det dans til musikk av Myhres PPT, stuntpoesi og song frå Stordøya Kvedarlag. Me har noko for alle, fortel Hege Myklebust.

Les meir på www.falturiltu.no