Papp, napp

av Jan Ove Ulstein

 

Espen sende opp ein drake

av papp

og vinden lyfte pappen høgt

over knausen

men Espen heldt han i strak line

fast i handa

 

her, sa Espen

og gav meg snora

berre for å glede meg

 

Draken

vinka glad

høgt oppe, og eg

eg heldt ei glede i handa

 

men draken drog, og sterkt

så då vind og drake nappa

sat eg att med ein linestump

i handa og ein gråt

i halsen

og såg vinden drive gleda til havs

og styrte henne i sjøen

 

Espen sa ingenting

men han lugga meg

akkurat passeleg sterkt

så eg skjøna

at det var den draken

og ikkje noko meir

å bry seg om

kompis