Det palestinske Tamerinstituttet er mottakar av Astrid Lindgrens minnepris 2009. Den svenske kronprinsesse Victoria delte tysdag ut verdas største barnebokpris til leserørsla som har gjort Albert Åberg, Emil fra Lønneberget og Pippi Langstrømpe kjent blant palestinske barn.

Gåve. – Denne verdifulle anerkjenninga kunne ikkje ha komme på eit betre tidspunkt, etter dei enorme lidingane som dei palestinske barna våre har gått igjennom. Astrid Lindgrens minnepris er den beste moralske og materielle gåva dei stressa barna våre kan få, sa Tamerinstituttets Arham Al-Damen ifølgje den svenske avisa Dagen.

Prissummen på fem millionar kroner skal investerast i arbeidet ved instituttet. Tamerinstituttet omset europeiske barnebøker og prøver også å få palestinarar til å skrive for barn. Ein av dei palestinske skribentane som Tamerinstituttet har fått fram gjennom skrivetevlingar, Youssef al-Ghalban, var med og tok imot prisen i Stockholm.