Nyheter

Alvorsord om barnebøker

Å argumentere for at eit litteraturprogram som vender seg til vaksne lyttarar prioriterer vaksenlitteratur, er ikkje det same som å nedvurdere barn, foreldre, barnelitteratur og barnebokkritikk.

Etter ein debatt med forfattar Ingunn Aamodt i Her og nå nyleg, har eg fått svar i Aftenposten frå ei gruppe kritikarar som kritiserer min teori og praksis på dette området. I løpet av debatten skal eg ikkje berre ha nedvurdert barnelitteraturen og alle som interesserer seg for den, eg skal også ha formidla at barnelitteratur ikkje er kunst og at slike bøker ikkje fortener kritikk, dei får nøye seg med forbrukarrettleiingar.

Som journalist forstår eg behovet for å spisse saka som det gjerne heiter, men som kritikar i NRK gjennom mange år og som meddebattant i Her og nå kjennest det nødvendig å forklare kva eg meiner og kva eg i alle fall prøvde å få fram i debatten med Aamodt.

Lat meg starte med praksis: I Bok i P2 der eg no arbeider, har vi barnebokkritikk med ujamne mellomrom. Dels einskildkritikkar og dels samlekritikkar i temasendingar. (At Bok i P2 tek dette feltet seriøst, vil alle som oppsøkjer nettsidene våre nrk.no/litteratur kunne sjå sjølve.) Då eg var programleiar og ansvarleg for utvalet av bøker i Boktilsynet, var det på same måten: Det som kom var skikkeleg, men det var mykje færre barnebøker enn vaksenbøker som blei omtalt. Eg kan derfor ikkje gråte krokodilletårer og hevde at at eg så gjerne skulle sett at vi hadde meir om barnebøker men dessverre nektar arbeidsgivaren min meg. Til det har eg hatt for mykje ansvar og må derfor stå for at dette området ikkje får meir plass,
skriv litteraturkritikar i NRK, Marta Nordheim, i dette innlegget henta fra Aftenposten på nett.

Derfor til teorien: Barnebøker er litteratur som vender seg til ei målgruppe, nemleg barn. Mange av desse bøkene har ei rettleiing på permen eller på forlagets nettsider med tilråding om kva for aldersgruppe akkurat denne boka passar best for. Uavhengig av dette siste, reknar eg med at barnebokforfattarar først og fremst har barn i tankane når dei tenkjer lesarar (sjølv om eg både veit og har erfaring for at barnebøker kan glede den vaksne lesar også).

Men fortener ikkje barnelitteratur like stor almenninteresse som vaksenlitteratur? Og har ikkje ein barnebokforfattar like stor rett på å få fagleg kvalifisert kritikk av sine bøker, som vaksenbokforfattarane får? Er det ikkje teikn på nedvurdering både av barn og bøker å gå inn for mindre plass til barnebøkene?

Til det vil eg seie at seriøs kritikk av barnebøker er viktig, og den finst,- også utanfor NRK og aviser. På nettstaden barnebokkritikk.no gir fagleg kompetente kritikarar fortløpande vurderingar av barnebøker. At litteratur som vender seg til ei spesiell gruppe har ein nettstad som dyrkar feltet i tillegg til det som kjem i det allmenne offentlege rommet, synst eg er ei god løysing. Så får vi andre prøve å få med oss det viktigaste, både av einskildutgivingar og tendensar. I Bok i P2 kjem det til å vere meir kritikk av barnebøker frå hausten av, men vi ser det ikkje som eit mål at barnebøkene skal få like stor plass som vaksenbøkene slik Aamodt gjekk inn for i debatten.

At eg skal ha gått inn for at barnebøker berre treng å bli formidla gjennom forbrukarrettleiing er ei stor misforståing. Men mi erfaring som kritikar er at mange etterspør nettopp forbrukarstoff om bøker. Dette gjeld ikkje minst kjøparar av barnebøker. Eg forstår behovet, men forbrukarrettleiing kan ikkje vere siktemålet for kritikken. Dei som treng hjelp for å finne fram til rette boka -anten dei skal på ferie eller i barnebursdag- får heller snakke med andre formidlarar av litteratur.

Til slutt vil eg kome med ei oppfordring til Heidi Sævareid, Petra J. Helgesen, Silje Stavrum, Guro Havrevold og alle andre som synst det finst for lite om barnebøker i media: gjer noko med det! Det har vore mange nok debattar om kor lite dekning denne litteraturen får. Skriv heller kronikkar og innlegg om lysande forfattarar, om gamle og nye tendensar, om det som skjer internasjonalt. Skolér oss som ikkje har spesialkunnskapar og spesialinteresse, dokumentér at barnelitteraturen fortener ein større plass i det offentlege rommet!

Kommentarfeltet er stengt

Ansvarlig redaktør: Alexander Løken
Redaktør: Elin Hansson

E-post: sekretariat@nbuforfattere.no

Telefon: (+47) 22 47 85 70

Postadresse: Postboks 1898 Vika, 0124 Oslo