Enno har boka, papirboka bør eg kanskje føye til, ein dominerande posisjon i aktiviteten i dei norske folkebiblioteka. Det er lenge før biblioteka tek steget inn i det som i dag vert kalla opplevelsesøkonomien. Ein økonomi, som ingen heilt kan forklare oss kva er, men som i følgje profetiske og forkynnande forskarar, vi har mange av dei også her til lands, skal ta over heile kulturlivet, og føre oss rakt inn i det sunne, gode og velfriserte «konvergensamfunnet» som dei kallar det. Opplevelsesøkonomi er ein trend alle kan vere med på, og som alle kan få noko ut av. Slik ordlegg forkynnarforskarane seg.
Dette skriv forskningsleder Georg Arnestad, Høgskolen i Sogn og Fjordane, i denne artikkelen saksa fra Bok og Bibliotek.

Har så dette noko med folkebiblioteket å gjere? Folkebiblioteket har sin kulturelle og kulturpolitiske legitimitet i bøkene. Skjønnlitteratur så vel som faglitteratur. Poesi og prosa av alle slag. Bøker er eit kollektivt gode som har nytteverknader for samfunnet som er langt større enn nytten dei har for den enkelte boklesar. Bøker har tradisjonelt utgjort det viktigaste grunnlaget for eit språkleg, kulturelt og nasjonalt fellesskap. Bøkene gir oss kunnskap, lærer oss å lese, lærer oss å forstå. Bøkene er ein hovudkomponent i limet som bind samfunnet saman. Som økonomane uttrykkjer det: "Bøker har med andre ord sentrale positive kollektive virkninger".

     Det er i desse verknadene, i den kollektive nytten for samfunnet, vi finn grunngivinga for at samfunnet har bestemt at det skal vere folkebibliotek i alle landets kommunar, og at biblioteka skal stille "bøker og annet egnet materiale gratis til disposisjon for alle som bor i landet." I dei fleste land er det kommunane som har fått i oppgåve å realisere samfunnets krav og behov på dette området.

Biblioteka er, og har vore, både kulturoppdragande og kulturformidlande. Men det er liten tvil om at "multimedialiteten" dei seinare åra har ført til at den kulturoppdragande delen av bibliotekverksemda har kome meir og meir i bakgrunnen. I dag er kulturformidling hovudproduktet.  Produktet skal gjerne vere unikt, det enkelte bibliotek må drive "branding", fordi biblioteket konkurrerer med forskjellige kulturtilbod frå trendy bokhandlarar og internettkafear til kulturopplevingar på muse, teater og galleri, kafear, litteraturhus osv., som alle i langt høgare grad formidlar sig sjølv på eit tidsriktig og tilgjengeleg måte. Biblioteket vert ein del av det multimediale opplevelsessamfunnet. Men i overskodeleg framtid er det papirboka som vil vere i bibliotekets sentrum.  Folkebiblioteket høyrer ikkje med i "konvergenssamfunnet."

Denne artikkelen er saksa fra Bok og Bibliotek på nett. Les heile her.