Last ned programmet her.

Litteratursymposiet inviterer til eit faglig pedagogisk seminar om fantasy – og serielitteratur for barn og unge på symposiets opningsdag.

Må lese, bare lese!
Meieriet kulturhus, onsdag 13 oktober 2010: 

Program

Klokka 09.30 Registrering og velkommen

Klokka 10.00 Lars Mæhle: Eg har ein ven som aldri ser på tv-seriar. Om dramaturgi i serielitteratur og TV-seriar, og korleis dette skil seg frå enkeltromanar og filmar. Kvifor er vi som lesar og tv-sjåarar så lettlurte at vi stadig vender tilbake til nye episodar i same serien?

Klokka 10.45 Pause

Klokka 10 55 Svein Slettan: Ja, vi elskar dette tøvet. Om humor i seriebøker for barn og unge”

Klokka 11.40 Pause 

Klokka 11.45 Bjørn Ingvaldsen: Morsomt? Kva er morosamt? Kvifor blir det morosamt og kva kan vi bruke det til? Passer humor for alle?

Klokka 12.30 Lunsj

Klokka 13.00 Bjørn Sortland: Magien med om igjen og om igjen og om  igjen.

Klokka 13.45 Pause  

Klokka 13.50 Iselin Alvestad: Virkelighetens eventyr. Iselin Alvetads reise til verdas nest største sandørken inspirerte henne til å skrive fantasyserien Alanya, om geriljakrig og nord-sør-konflikt og eit lite kongerike som eksisterte i Kaukasus mellom 800 og 1222. Bli med på ei reise der vi ser korleis eventyrlige historier med rot i virkeligheten blir til.

Klokka 14.35 Pause

Klokka 14.45 Anne Stefi Teigland: Ka e greien her? Kvifor er vampyruniverset så fascinerande? Frå Dracula til Twilight.

Klokka 15.30 Oppsummerande kommentarar

Klokka 16.00 Slutt

Deltakarane:
Bjørn Sortland
Bjørn Sortland er født i 1968 i Sunnhordland. Han er utdanna sosionom og har studert ved Skrivekunstakademiet i Bergen. Sidan 1998 har han arbeidd som forfattar på heltid. Etter debutboka "Det er ikkje natta" frå 1992 har forfattaren skrive ei rekkje barne- og ungdomsbøker, han er omsett til fleire språk og har mottatt mange norske og internasjonale litteraturprisar. Bjørn Sortland har i hele sin forfatterskap jobba med kunstformidling på ulikt vis. Gjennom fiksjonen formidlar han kunnskap om og glede over kunst – i ungdomsbøker og barnebøker, romaner, bildebøker og i reine spenningsbøker som den populære serien om "Kunstdetektivene", som nå består av ni bøker.

Svein Slettan
Svein Slettan er fødd 1962, og er førsteamanuensis ved Institutt for nordisk og mediefag, Universitetet i Agder. Slettan har tidligare i år gitt ut boka Inn i barnelitteraturen. Artiklar om bøker for barn og unge.

Bjørn Ingvaldsen
Bjørn Ingvaldsen blei født 1962 i Odda. Han debuterte med novellesamlinga Landskap med gul Lada i 1995 og har sidan skrive tretti bøker, romanar, noveller og barnebøker. I 1999 kom Jada, jada, jada, den første boka i serien om Elias og hans umulige bestemor. I 2000 gav han ut Jeg er berømt, om Espen Herbert. Ingvaldsen mottok i 1998 Rogaland fylkes litteraturstipend og i 2004 fekk han Arks barnebokpris for boka Nei vel, da. I 2010 kjem Ingvaldsen med fem nye bøker, to ungdomsbøker, to nye bøker i seien om fotballaget Froskene og ei faktabok om Harald Hårfagre


Lars Mæhle
Lars Mæhle er fødd 1971 på Sunndalsøra. Han har hovudfagseksamen i litteratur, og bur i Oslo der han arbeider som forlagsredaktør i Gyldendal Lars Mæhles debutroman Keeperen til Tunisia vart i januar 2003 kåra til beste barne- og ungdomsbok av nettstaden Poeten.no. Han vann Kulturdepartementets litteraturpris for beste barne- og ungdomsbok 2009 med boka Landet under isen.

Iselin B. Alvestad
Iselin B. Alvestad (født 1978) har studert konfliktløysing i Berlin og Kung Fu i Hong Kong, men bur no i Oslo. Ho debuterte i 2007 med Alanya – Veien følger hjertet, den første boka i ein serie, ein vakker fantasyfabel om å stole på seg sjølv og det gode i menneske. Boka blei nominert til Arks barnebokpris. Oppfølgjarane er Alanya – Dragene våkner (2008), Alanya – Veien til Domar (2009) og Alanya – Absalons krigere (2010).

Anne Stefi Teigland
Anne-Stefi Teigland, fødd 1962, er utdanna litteraturvitar frå Universitetet i Bergen. Ho har arbeidd med barne- og ungdomslitteratur som kritikar, førelesar, formidlar og forlagsredaktør. Frå 1997 til 2003 var ho medlem av Statens bibliotektilsyns rådgivende utval for barne- og ungdomslitteratur og frå 2003 til 2006 var ho leiar av juryen for Kultur-og kyrkjedepartementets barnebokprisar. Teigland arbeider no som forlagsredaktør i Mangschou forlag.

Påmelding
Seminaravgift 500,- (student 250,-)
Lunsj er inkludert i billetten. 

Påmelding  innan 28. september 2009 til Litteratursymposiet i  Odda, Opheimsgt. 31 5750 Odda. Mrk: seminar

Påmelding kan også sendast via e-post til seminarleiar Else Marie Sandal:

else.marie.sandal@odda.kommune.no