Dette intervjuet er sakset fra Stavanger Aftenblad 25.01.2011. Journalisten er Jan Zahl.

Inge Håvard Aarskog,som sit i styringsgruppa for barne- og ungdomslitteraturfestivalen «Maktens pluttifikasjon», meiner fleire moderne barneog ungdomsbøker er makabre, for abstrakte, for politiske, meiningslause – og regelrett søppel.

 MAKABERT: – Kva er poenget med denne boka? Kvifor gjera det så makabert? Eg skjønar det ikkje. Dette er ei meiningslaus bok. Inge Håvard Aarskog sit heime i stova på Forsand og viftar med den kritikarroste og prislønte barnebokforfattaren Bjørn Arild Ersland og illustratør Lilian Brøggers siste barnebok, «Glassklokken ». Boka handlar om ei dame som går rundt og plukkar opp daude dyr langs vegen, som ho så puttar inn i ei stor glasklokke. Og ein dag finn ho ei død jente.

 – Eg har valt å ikkje visa denne boka til dei minste ungane. Dei hadde hengt seg opp i blodet. Dessutan veit eg ikkje om dei hadde skjønt noko. Kvifor sluttar boka midt i historia, spør Aarskog.

 STYRE: Som innvald representant for Frp i fylkestinget i Rogaland, kasta han seg frampå og ville vera med då det skulle peikast ut politiske representantar til styringsgruppa for den store, nordiske barne- og ungdomslitteraturkonferansen «Maktens pluttifikasjon », som går av stabelen i Stavanger 7.-9. februar. Rogaland fylkeskommune står som arrangør.

 – Kvifor kasta du deg frampå?

 – Fordi eg meiner litteratur er interessant. Og fordi dette var ein sjanse til å læra noko nytt, seier Aarskog, som helst les lyrikk, og som skriv litt dikt sjølv også. Men etter å ha lese ein del moderne barne- og ungdomsbøker, er Aarskog lite imponert. Og sterkt kritisk til at fleire bøker bryt med forventningane han har til barnebøker. Ifølgje seg sjølv er han ikkje den einaste.

 DØDEN: – Ei mor eg kjenner frå Strandalandet blei både irritert og provosert etter å ha lånt Erslands bok, fordi dette ikkje var noko ho hadde forventa av ei barnebok. Korleis skulle ho kunna vita at ho hadde lånt ei så makaber bok, seier Aarskog.

 – Du meiner ei barnebok ikkje bør handla om døden?

 – Dei må gjerne handla om døden, men då skal du vita kva du gjer og vera veldig forsiktig.

 – Ersland er rekna som ein av dei fremste barnebokforfattarane i Norge. Meiner du han ikkje veit kva han gjer?

 – Eg er ikkje profesjonell eller faglært i dette emnet. Eg er bare ein vanleg lesar og far som gir uttrykk for kva eg meiner, svarer Aarskog, som har fleire døme:

 I Arne Svingen og Christoffer Gravs «Med egne øyne» meiner Aarskog å kunna påvisa produktplassering, sidan VG er så tydeleg til stades.

 – Du meiner VG har betalt for å vera plassert på illustrasjonane i denne ungdomsboka?

 – Eg kan jo ikkje vita det sikkert. Men VG gav i alle fall boka veldig god kritikk, mens Barnebokkritikk.no slakta henne. Det er veldig interessant at enkeltem erkevarer er så tydeleg til stades i denne boka, seier Aarskog.

 ABSTRAKT FJAS: Aarskog meiner brageprisnominerte «Eg er ein frosk» av Kurt Johannessen og Øyvind Torseter er altfor abstraktfor barn.

 – Dette er eit døme på at barnelitteraturen rører seg bort frå ungane. Det handlar bare om ein frosk som går rundt og et. Det er heilt meiningslaust.

 – Kan barn oppfatta andre ting enn vaksne i ei bok?

 – Ja. Akkurat som ulike vaksne kan oppfatta ulike ting, kan ulike barn oppfatta ting ulikt. Men det hadde vore betre om ein la seg på ei interessant linje når ein skreiv barnebøker, i staden for dette, som bare er fjas.

 HOMOFILI: I «Drømmeprinsessen» av prislønte Justyna Nyka finn ikkje prinsessa seg ein prins, slik kongen vil, men ei prinsesse.

 – Skal barnelitteratur rettferdiggjera homofili? Skal barnebøker ha politiske og samfunnsmessige bodskap, spør Aarskog.

 – Og kva svarer du sjølv på det spørsmålet?

 – Dei må gjerne ha ein bodskap, men kjem det amatørmessige forfattarar og forlag som er desperate etter å selja bøker, blir det farleg. Då kan ein bevega seg over nokre grenser.

 – Har du konkrete døme på det?

 – Nei.

 – Tyder ikkje det på at forfattarar og forlag er seg sitt ansvar bevisst?

 – Kanskje det.

 POLITIKK: Då kulturminister Anniken Huitfeldt si gjennomslakta bok «Fortellingen om Gro Harlem Brundtland» kom ut, kalla Aarskogs partifelle Ib Thomsen boka «indoktrinering» og «politisk propaganda». Aarskog meiner det dreier seg om heltedyrking, og at det er svært problematisk når ei slik bok blir brukt i skuleverket. «Teodor Sterk – en trist og blodig fortelling» av Jan Chr. Næss, blei tema i Stortinget, då Frp ville nekta boka offentleg pengestøtte fordi ein av karakterane heitte Sivert Jensen og var kommunepolitikar i Skrittpartiet.

 – Folk må få lov til å skriva kva dei vil, men skal eg som lesar meina noko om dette, kallar eg det søppel, seier Aarskog.

 – Men du har ikkje lese «Teodor Sterk»?

 – Nei. Men eg har bladd i henne. Men «Hevn» er i alle fall søppellitteratur. Den har eg lese, svarer Aarskog og held opp ei anna Næss-bok.

 SØPPEL: I «Hevn» reagerer Aarskog på banning og sterke verkemiddel. På vaskeseddelen til boka står det blant anna: «Det er sensommer, varmt som ville helvete, og naboen til Kurt Are Venger er nettopp blitt funnet drept.»

 – Det ser ut til at fleire barneog ungdomsforfattarar brukar sterke verkemiddel for å få merksemd, for å provosera.

 – Svaret frå forfattarhald pleier å vera at språket i ungdomsbøkene bør likna på språket ungdommen sjølv snakkar. – Banning er ein uting og ein bør ikkje snakka til ungdom gjennom bannskap. Det finst mykje flott ungdom som ikkje bannar.

 GRENSER: Gjennom samtalen vår gjentek Aarskog fleire gonger at han meiner folk må få skriva kva dei vil, men at han altså meiner det må vera visse grenser.

 – Eg føler det som kjem etter komma motseier det som kjem før. Du seier både at folk kan skriva kva dei vil – og at dei ikkje kan gjera det?

 – Folk må kunna skriva kva dei vil – men det må vera visse, rett nok vide, rammer.

 – Ein bør ikkje skriva om døden, homofili, politikk eller samfunnsspørsmål, banna, vera abstrakt eller ha kommersielle produkt i barnebøker?

 – Me skulle i alle fall hatt meir debatt rundt dette.

 – Kva føresetnader har du for å uttala deg om dette?

 – Eg er ein vanleg lesar og forelder – som møter mange andre vanlege folk som reagerer som meg. Mens det ser ut til å vera andre haldningar blant dei som meiner dei har greie på dette.