Av kva: To obligatoriske møte i regi av NBU.

FØRSTE MØTE: torsdag 26. mai kl 1600.

Kor: I det vakre Kulturhuset Banken.

Kvifor: Vi skal møte den belgisk-britiske barnebokforfattaren Kitty Crowther.

Scenario: Vi blir vist opp i andre høgda, og om lag tjue forfattarar går opp dei empiriske steintrappa Allereie her hender det noe som sug meg inn i ein scene frå italiensk film noir på sekstitalet. Eg er plutseleg midt i ein karavane omgitt av gutar i tiårsalderen. Alle har kortklipt mørkt hår, kvite skjorter med gitar i svart trekk på ryggen, og vi hordar oss opp trappene. Vel oppe av det eskalerande myldret, tyt det ut minst like mange gutungar fra alle sider. Som ein sverm, men eg får likevel auge på plakaten festa i barnehøgd på den doble døra: Gitarelevar rett fram – forfattarar til høgre. Fantasien min roar meg med eit hugskot: Det er sikkert på veg til sesongavslutting på kulturskolen.

Sidan eg er ein av ”Forfattarar til høgre”, gjer eg det. Innafor står eit bord med kaffi, te og noe muffins til. Kanskje fordi eg er svolten, gløymer eg ”gitarelevar rett fram”, og hentar med meg kaffi og ein av dei høgaste muffinsane eg har sett, og sig ned i ein stol. Mens eg ventar på at seansen skal byrje, registrerar eg at det er eit godt lokale å vere i. Romsleg og standsmessig. Stolen rett framfor meg er hjulbeint og med gyllen krone øvst på ryggstøet. NBU-leiaren påpeikar at den må vere til han, og reier seg til. Eit par meter framom oss – like standsmessig, sit Hilde Hagerup og snakkar med den Kitty Crowther i ein rokokko tosetar.

I det vi set oss, reiser dei seg. Og etter ein kort introduksjon, fortel ho brokkar av filosofien sin:

– Eg kjenner det ikkje som om det er eg som skapar det universet eg teiknar, eller historia eg skriv. Eg ser på meg sjølv meir som ein formidlar av gamle mytar, som eg anten minnest frå barndomen, eller frå historier eg er blitt fortalt seinare. Eg nyskapar forteljingar som har ein universell klangbotn og som kanskje kan gje assosiasjonar i fleire kulturar. Og sidan bøkene hennes er omsett til 26 språk, må ein jo seie dét greier ho veldig bra.

I det same skjer det at ”gitarelevar rett fram”, set i gong noe som minnar om eit samstemt takras av tillært iver, slik at eg dei neste minutta går glipp av ein del av det missis Crowther seier. Men fordi ho har eit gestikulerande kroppsspråk, får eg likevel med meg brokkar:

Når ho komponerer ei historie teiknar ho biletet først, deretter kjem teksten. Ho visar fram skisseboka si, og vi får eit innblikk i ei snart utgitt forteljing om ein gut på tur i skogen, der han treff ein figur (som får Truls Horvei til å bryte ut: Han liknar på Buddha). Kitty Crowther nikkar og repliserar smilande: Han er ein av dei.

Sjølv om buddhaen gjer seg om til både faren til guten, og ein gorilla, er atmosfæren i boka ikkje skremmande. Heller harmonisk med linne teikningar, som nærmast er transparente.

Og mens om lag tjue kulturskolerte gitarkameratar klimprar for livet, eller foreldra i naborommet, får Crowther likevel vist oss ei nydeleg historie om ein liten gut som fortel ein buddha korleis han skal symje, eller lage noe så kvardagsleg som eggerøre.

Kor det blei av ”gitarelevar rett fram” etter at historia om buddhaen var over, veit ikkje vi ”forfattarar til høgre”. Kanskje englane tok over? Okke som, blei det heilt stille i det andre rommet, og i freden og roden fekk Kitty Crowther fortalt:

Eg er ikkje opptatt av å teikne ”riktig og pent”, men å formidle eit bodskap som gjer at publikum vil vere med i historia. Ein gong sa ein liten pjokk på tre år, mens han peika på illustrasjonen min: ”Eg vil inn dit.” Då har eg treft riktig.

Ho sa også noe om korleis ho leikar fram det narrative omgrepet:

Dersom eg ser for meg eit bilete med to menneske eller om eg let to dokker spele mot kvarandre, blir historia straks ein dialog om nære, kvardagslege opplevingar og tankar. Men om eg lagar ei teikning av eit menneske og eit dyr, får historia straks eit anna perspektiv fordi fantasien blir utfordra. Og går eg ei omdreiing til, og teiknar ein fiksjon, som inneheld t.d. englar, får eg ein fiksjon, men skapar eigentleg ikkje noe nytt. For eg nyttar same grep som det ein alt frå gammalt av gjorde i eventyra.

Eigenkonklusjon: Eg var einig med alle som syns dette var ei fin reise, og mange spennande tankar sit klistra til hjernebarken!

 

ANDRE MØTE: torsdag 26. mai kl 1900.

Kor: Nikkers bar, Elvegata.

Kvifor: Det er årets barnebokbar.

Kva? For dei av oss som ikkje har opplevd dette tidlegare, inneber det eigenopplesing frå ulike barnebokforfattarar. I dag skal vi få vere med i eit litterært godstog styrt av konferansier Tor Tveite, som allereie i velkomsthelsinga røpar at dette kveldstoget kjem til å komme inn på eit bonusspor, og forventingane stig i den mørke restaurantvogna.

Første stopp heiter Hei det er meg, av Nina E. Grøntvedt. Hovudpersonen les frå dagboka si. Og på ein indignert, men frisk trønderdialekt, skildrar ho dagleg gnag mellom storesyster og veslesyster der sistnemnte ligg på golvet, som ho gjer kvar dag, og syt og ber seg. Og at mor ikkje let seg provosere – i dag heller. Det er mest så vi syntes synd på hovudpersonen fordi ho må slite med eit sånt gnagsår av ei syster. Vi skjøner etterkvart at det er hovudpersonen som set i gong alt. Og om rett skal vere rett, kan ho vel eigentleg berre ha det så godt.

Bjørn Sortland les om Tolv ting som kan få verda til å gå under. Jenta i forteljinga er så forelska at ho lyg for å få guten til å komme heim til seg for å få hjelp til ei skoleoppgåve. Med sitt sjølvironiske forfattargrep kjenner vi oss att i situasjonane. Og sidan vi vaksne, meir eller mindre har tileigna oss ein smule sjølvironi, som vi ikkje hadde då vi sjølv sto midt oppi same ungdomstid, kjenner vi att kjensla av ungdommeleg kaos i møte med små løgner vi har stelt i stand, og som ofte fekk vanvittige konsekvensar. Til dømes når han let den kjempeforelska jenta dytte den uforståande guten ned i kjellarstova, fordi der er det best å sitte. På sitt underfundige vis tar Sortland oss med i tankane til jenta, når ho for seint hugsar på at fordi faren skulle kjøpe hytte, men dessverre aldri fekk kjøpt hytta, har ho no drege guten ho er mest forelska i, til ei stove proppfull av sofaar og stolar. Og forfattaren let ho prøve å komme ut av dette ved å seie: Vær så god å set deg. Og i det same legg Sortland til: Han var jo nesten nøydd til det, for det var jo ikkje plass til å stå.

Etter dette opptrinnet kjem vi til bonussporet: Det er Kitty Crowther, som har fått Astrid Lindgren sin barnebokpris, og som denne gongen har med seg lysbilete-presentasjon frå boka La visite de Petit Mort. Nok ei historie med med overraskande perspektiv. Kva kan hende når ”Den vesle dauden” kjem for å hente alle døyande. Ho har teikna den vesle dauden som ein liten, svartkledd figur med ljå, som kjem for å hente ei lita jente. Men plutseleg blir jenta borte, og den vesle dauden blir lei seg fordi dei hadde det så hyggeleg. Kan dauden vere einsam – Men då den vesle jenta kjem att som engel, fortel ho den vesle dauden at no kan dei leike saman for alltid. Då smilar den svartkledde med den vesle ljåen.

Deretter fortel Bjørn Rørvik om Den lille penselen, som blir mobba av dei store penslane. Dei dyttar han vekk så målaren Munch ikkje skal finne han. Men ei natt når ein tjuv bryt seg inn i atelieret, greier den vesle penselen å vekkje Edvard Munch. Og då tjuven blir overraska, blir han så redd at han set i eit skrik, men får likevel stole med seg biletet ”Gjesp”. Då seier Munch at han ikkje var så nøgd med det biletet likevel. ”Eg vil heller måle noe anna”, seier han, og brukar den vesle penselen til å måle eit nytt.  Etter dette blir den vesle penselen yndlingen hans. Boka er illustrert av Thore Hansen, som alltid, på sitt fantasifulle vis, skapar artige nyansar til historiene han illustrerer.

Neste forfattar ut er Timo Parvela som har skreve bøkene om Ella. Tor Tvete har omsett bøkene hans, og samtalar då også sjølvsagt på flytande finsk med forfattaren. Vi får vete at historiene blei til fordi han tidleg bestemte seg for å skrive frå eit miljø han kjente godt. Og sidan heile slekta hans er lærarar, måtte det bli historier frå skolemiljøet. Parvela har skrive 50 bøker for barn og unge, men Ella og vennane hennes er den største suksessen. Først las han ein del på finsk om Ella og vennane hennes på nattskolen, og deretter las Tvete for oss på bokmål. Ei fantasifull bok om skoleklassen til Ella som skal ha overnatting på skolen, og med perspektiv frå både forfattaren og ungane fekk vi eit innblikk i læraren sin logikk, som skapar eit artig motstykke til elevane sine tankar, ønskje og innfall.

Deretter forlet vi toget, og går inn i skolebussen til Antonsen, der Hilde Hagerup fører oss inn i ungdomsskoleelevane sin atmosfære frå boka Alt som er galt med Georg. Ei bussreise som dei fleste elevar i landet kjenner seg att i, fordi skolar i distriktet blir lagt ned, og elevar får reisetid kvar dag, i tette mobile rom, der den sterkaste har rett, og dei andre må følgje leiaren. Overivrige Malin som er så skoleflink og sit med hand ai veret alle timane er ein reindyrka hovudperson i boka. Ho kranglar til og med med læraren som har gitt ho feil på noe ho ikkje har gjort. Malin forstår ikkje at det kan vere provoserande for dei andre  klassekameratane. Hagerup fortel oss at ho let figurane sine leve ut ved å sende dei dit det gjer vondt og sårt å fortelje om. Og at ho sjølv blir glad i dei fordi dei er så annleis. Tittelen kan vel i høgaste grad også bety at Georg, som alt er galt med, også kan gjelde både Malin og alle andre.

Godstoget har køyrt langt på to timar. Siste stasjon er Perth på vestkysten av Australia, der Oscarvinnande barnebokillustratør og forfattar Shaun Tan orienterer om ver og sommartemperaturar, som i motsetnad til 14 varmegradar på Lillehammer, har det så heitt juletider at familien sitt plastjuletre, som var lagt på loftet, smelta. Men at det blei jul likevel. I likskap med Kitty Crowther visar også Shaun Tan illustrasjonane sine som lysbilete. I boka Tales from Outer Surburbia, dekkjer dei ofte eit oppslag i boka, og er vakre illustrasjonar som visar ei heil historie i seg sjølv. Han fortel at han likar å starte med å føre lesarane inn i heile universet han etterkvart teiknar perspektiva til. Første bilete han visar oss er sett saman av mange små historier. Han fortel også at han er glad i symbolikk frå gamle kulturar, og det er lett å forstå når illustrasjonane mest er som ein freskovegg. Han visar oss illustrasjonar frå andre bøker, og eit univers av fresker, mosaikkar med både mauriske bogegangar, fuglar og blomar, til meir kvardagslege ting som ein sykkel og ein klesvask på snor som element i ein lys og vakker hage, eller court yard, som han sjølv kallar det. Når lesarane først er kommen inn i miljøet, skriv han første scene av historia han skal formidle.

Med eitt blir lysbileta mørke, og eg blir henta heim frå heite dagar i Australia til ein mørk sportsbar på Lillehammer. Greitt nok. Det litterære godstoget har reversert, men dei vakre, sprelske og merkelege opplevingar frå denne fantasifulle turen blir eg ikkje kvitt så lett. For ei reisa!

 

28. mai, 2011.

– Vel heimkommen etter endå ei reise frå Litterturfestivalen på Lillehammer til Festspillene i Harstad, midnattsol, Mack og måsegg. (Takk for megg 🙂

 

Kine Hellebust.