Denne veka har vi snakka med forfattar, journalist og musikar Atle Hansen. Atle sit i NBU sitt Litterære Råd og er ein av dei som veit mest om kva som rører seg i Barne- og Ungdomslitteraturen for tida. I haust jobbar han med tre ulike bøker:

 

´Éi av dei er "Amanda sin medisin" som  kjem ut som Leseløve til våren. Det vert mi første leseløve og ei heilt annleis bok enn det eg har skrive før. Eg synest eg har fått teksten godt til og er ualminneleg glad for at Inger Lise Belsvik skal laga illustrasjonane. Boka kjem i parallellutgåve. Nynorskversjonen er ferdig, men har litt arbeid att på sidemålsutgåva. Dei to andre prosjekta vil eg ikkje seia meir om, enn at eg har håp om at dei kjem ut til neste år begge to.´

 

HH: Kva er det fyrste du hugsar i livet?

AH: Eg låg i ei vogge eller ei vogn på kjøkenet og såg opp i taket. Mor mi stod med ryggen til ved komfyren (reknar eg med). Brått ramla ein katt gjennom taket, han landa på dyna mi og spratt ned på golvet.  Eg kan ha vore nokre månader gammal.  Me hadde nett flytta inn i huset. Andre etasjen var ikkje ferdig, så det var hol og gliper mellom takborda. Det siste er eg blitt fortald seinare. Katten kan eg også ha blitt fortald om, men eg ser han så klårt føre meg at eg er overtydd om at det er eit ekte minne.

 

HH: Kva har du på kontoret ditt?

AH: Masse rot. Hundrevis av barne- og ungdomsbøker frå dei siste fem åra, som eg må ta vare på medan eg sit i det litterære rådet. Nokre gitarar, ein forsterkar, effektboksar, kablar og leidningar, ein printer, ein vasskokar og endå meir rot. Eg brukar ikkje det kontoret så mykje no, det er blitt boklager. For tida sit eg mest heime i stova  i godstolen og skriv.

 

HH: Kva er ei god bok?

AH: Ei god bok er ei bok som eg ikkje får lyst til å leggja frå meg etter dei første sidene, men som grip fatt i meg, snakkar med meg og fører meg vidare inn i verda si. Ho kan vera tynn eller tjukk, dikt eller forteljing, for born eller vaksne, det betyr ikkje noko. Ho må berre kjennast vesentleg for meg.

 

HH: Blir barne og ungdomslitteraturen stemoderleg behandla i pressa?

AH: Blir ikkje det meste av litteratur eigentleg det? Eg ser at nokre aviser skriv meir om barne- og ungdomsbøker/-forfattarar no. Men dei skriv jo berre om dei same forfattarane heile tida, slik dei gjer med vaksenbøkene. 

Trist. For eg har lese så utruleg mange fine bøker dei siste åra, som aldri er blitt nemnd av korkje bokmeldarar eller prisjuriar, men som er glitrande skattar me som har lese dei ber med oss.

Eg undrar meg ofte over kor lite opplyste og nyfikne kulturjournalistar og -redaksjonar er.

 

HH; Gi oss eit ord du likar godt?

AH: Oskar Stein Bjørlykke har eit fint lite dikt i den strålande diktboka "Hans Klure" (på fitjardialekt) som fritt etter hugsen er slik: Menneskjebadn, da e eit fint ord. For først så e da menneskje og so e da badn. (Orsak, O.S.B. om eg gjev det att feil.)


HH: Og eit du mislikar?

AH: Som forfattar, journalist og songskrivar er det ingen ord eg ikkje likar i seg sjølv, berre måtane dei stundom vert brukte på.

 

HH: Papirbok, lydbok eller ebok?

AH: Som ein mann med sansen for all slags dippeduttar er eg tilhengar av alle tre,

men sjølv les eg helst på papir. Lydbøker lesne av skodespelarar, som har lært å lesa klårt og tydeleg og å leggja trykket på rett plass for å få fram meininga, hatar eg å høyra på. 


HH: Kva gjør deg flau?

AH: Medvitslaus banning, sexpreik og altfor intime detaljar og sjølvutleveringar.

Når eg snakkar/tek ordet i debattar i store forsamlingar og og orda fell heilt annleis enn eg hadde tenkt meg, og eg seier slikt som gjer meg flau og trekkjer meg tilbake etterpå. Når eg prøver å vera høg og mørk, men  verkeleg er liten og grå.

Eg likar å opptre for folk,  snakka, lesa og syngja. Då vil eg gjerne at dei lyttar og likar. Anna merksemd gjer meg oftast flau og lyst til å gøyma meg. Eg vil vera anonym.

Og så blir eg flau av revyar og humoristar som trur at dei løgne når dei ikkje er det.

 

HH: Hvilke tre ting ville du tatt med deg på en øde øy?

AH: Ei god fiskestong, ein god sluk og noko å laga eld med. Steinheller til å steika på, eller sand til å grava ned i, reknar eg med at er der.