Programmet:
 
Helge Vold snakka om Helge Krog, Nordahl Grieg, Georg Johannesen og kulturradikalismen. Føredraget hans er seinare trykt i Klassekampen, noko avkorta. Han har også skrive bok som tek føre seg denne tida, og han visste kva han snakka om frå Mot-Dag-miljøet på 30-talet til tidskriftet Fossegrimen, der Georg Johannesen sette dagsorden for debatten på 60-talet: ”Politikk uten makt er en uting. Denne kritikken kan eg også rette mot meg selv.”(GJ)
 
Morten Auklend: Kongeveien til Georg Johannesen var ei lesing av kongebøkene, som ikkje er av dei mest tilgjengelege GJ har skrive. Han snakka om språkføringa og om å finne meining og forståing i desse bøkene, og samanlikna seg sjølv med hunden som spring etter bilar i trafikken utan å vite kva den ville ha gjort om han fekk tak i ein. Men Auklend synest det er kjekt å springe rundt i desse bøkene på denne fiktive staden utan plot eller intrigar, men med mykje visjonar, allusjonar, sitatforvrenging, profetiar og ulike sjangrar strengt komponert. Han seier dei er syntesar av orakel og krønike, anti-krigs hybridtekstar som profeterer i tillegg. Kongebøkenes språklege transportmiddel får dei reisande til å sjå samtida med nytt blikk, eigne kritiske auge.
 
Gro Rørstadbotten snakka om Kassandra: En gjenkomst. GJs skodespel vart oppført 1967. Kassandra var ein historisk person eller ein mytisk skikkelse, ei sterk, frittståande kvinne – ”ho som varslar” (Homer), rådgjevar for Hektor og åtvarar mot krig, og kong Agamemnons krigsbytte. Ho kjem att hos Pindaros, Aischylos, Eviripides, Aristofanes og er sjølvsagt ingen tilfeldig protagonist for GJ.
Kassandra skal ofrast, lagnaden hennar er knytt til sanninga. Gaia-kulturen med dei store kvinnelege guddomane taper seinare mot den patriarkalske og krigerske Apollons orden. Kassandra gir publikum røynda tilbake: ”Frels oss fra håpet!” GJ vart spurt om kva han meinte med dette stykket, og svarte: ”At vi skal overleve.”
 
Tore Vagn Lid snakka om teatret som dialektisk ytring – fra ”die Massnahme til Almenrausch”. Han er teatervitar og regissør som mellom anna har arbeidd med Brechts Verfremdung (framandgjering) og teateret som dialogisk rom; sanninga er ikkje eintydig. Han vil framprovosere eit motsvar frå publikum, og ikkje berre spørje for sjølv å svare.
 
Seminaret var innpakka i musikalske tolkingar av tekstar frå Prøysen og Johannesen ved Håkon Paulsberg, lunsj og festmiddag på Risør Hotell, og eit nachspiel langt ute på Nipe, fullt av vin og interessante menneske.
Der skulle du har vøri–