Livsløputvalet i Vanylven har bestemt at Maria Parr får kulturprisen for 2011. Maria Parr (f. 1981) er norsk barnelitteraturs nye superstjerne! Ho debuterte med Vaffelhjarte i 2005, og fekk sitt store gjennombrot med Tonje Glimmerdal i 2009, som ho blei tildelt både Brageprisen, Teskjekjerringprisen og Kritikarprisen for.

Bøkene til Parr er omsette til ei rekkje språk, og trass sin unge alder har ho alt vunne fleire litterære prisar enn dei fleste andre forfattarar gjer i løpet av eit heilt liv. Ho har blitt samanlikna med både Johanna Spyris (Heidi) og Astrid Lindgren. Parr er frå Fiskå i Vanylven.I tilegg til forfattaskapet er Parr fortida engasjert ved den vidaregåande skulen i Syvde, Vanylven. Maria har gjennom bøkene Vaffelhjarte og Tonje Glimmerdal fått ein utruleg status som forfattar. Hausten 2011 vert NRK si filmatisering av boka Vaffelhjarte vist på TV.

NBU gratulerar.