av Magnhild Bruheim
Kan illustratørar bli medlem i NBU på særskilte vilkår? Det er eit av spørsmåla årsmøtet 10. mars skal ta stilling til.
Forslaget kom opp på årsmøtet i fjor, og eit utval fekk i oppdrag å vurdere saka. Bakgrunnen for forslaget var at bildeboka har stått for fornying av barnelitteraturen, og at den kunstnariske samhandlinga og samarbeidet mellom forfattar og illustratør bør stille dei to kunstformene på lik linje. Samtidig står illustratørane organisatorisk svakt, og stiller svakare når det gjeld stipendordningar. Forslaget om medlemsskap skulle gjelde illustratørar som over tid har arbeidd med bildebøker der tekst og illustrasjon er likeverdige.
Etter å ha drøfta saka på fleire møte, har arbeidsutvalet konkludert. Dei rår ikkje til at det blir opna for at illustratørar skal bli medlemmer av NBU. Men dei går inn for at NBUs litterære råd blir bedt om å leggje vekt på heilskapen mellom tekst og bilde, også der det er lite tekst, i bildebøker der tekst og bilde har same opphavsperson. Utvalet foreslår vidare eit tillegg i vedtektene der det blir tilrådd at det i samansetjinga av rådet også bør vera ein person med både litterær- og bildefagleg kompetanse.
Dei som har site i utvalet, er Karin Kinge Lindboe, Stein Erik Lunde, Lise Männikkö, Annine Qvale og Bjørn Ingvaldsen.