Av Magnhild Bruheim

– Kanskje har eg utdanna meg til historikar for å kunne bli forfattar?
Det seier Aina Basso, som nyleg vart votert inn som ny medlem i NBU. For ein månads tid sidan gav ho ut den andre ungdomsromanen sin,  Inn i elden, som handlar om dei unge jentene Elen frå Kiberg og Dorothe frå København som hamnar på kvar si side av trolldomsprosessane i Finnmark på 1600-talet.
– Elen er dotter av ei «klok kone» og får kjenne dei skremmande hendingane på kroppen,  Dorothe er på si side gifta vekk til futen i Vardø og representerer øvrigheita, fortel Aina.
– Dette var ei tid som er svært ulik vår eiga, både i det ytre og det indre. Det er ei tid det er vanskeleg å forstå med vår tids briller, svært brutal og med ganske andre maktstrukturar enn dei vi heldigvis har i dagens Noreg.

–  I tillegg til to ungdomsbøker har du skrive ein roman for vaksne, alle med historiske tema – kvifor?
– Eg er utdanna historikar, med spesialisering på mentalitetshistorie og sosialhistorie frå 1700-talet. Det har falle meg naturleg å gå inn i det historiske materialet når eg skal skrive skjønnlitteratur. Den første ungdomsboka, Ingen må vite (2008), er basert på masteroppgåva mi i historie og handlar om blodskam. Hovudpersonen Ingeborg er fjorten år då boka startar i 1734. Ho blir utsett for overgrep av stefaren sin, noko det var dødsstraff for på 1700-talet, for begge partar. Det finst også ei kjærleikshistorie her, så alt er ikkje heilt mørkt.

–   Er det i det historiske stoffet du finn mest spennande tema?
– Så langt har det defintivt vore her eg har funne stoffet mitt, det som gir det trykket ein treng for å klare å skrive ei heil bok. Det ligg mange gratis idear i kjeldene, mange spennande historier i historia, som nesten ingen veit om utanfor det historiske fagmiljøet.

   Kva er forskjellen på å skrive for ungdom og for vaksne?
– For meg er det nok ikkje så stor forskjell i sjølve skrivinga eller i måten eg arbeider med teksten på, verken med omsyn til språk og form. Det handlar snarare om blikket, kva eg ser og kven eg ser gjennom auga til.

–  Kvifor begynte du å skrive?
– Det blei berre slik! Eg trong det, eg likte det, eg har gjort det sidan eg var barn.

–  Kva forventningar har du til NBU?
– Aller mest ser eg fram til å vere del av ei forfattarforeining og til fellesskapen forfattarane imellom. Blandinga av sosialt og fagleg samvær er viktig.

–  Er det noko sak du brenn spesielt for?
– Eg blir opprørt av urettferd og av menneske som blir undertrykte og trakasserte. Dette avspeglar seg nok også i emna eg har valt for bøkene mine.