Jepp, jepp, det er faktisk spørsmålet i dette som er første artikkel om blogging og heimesider for forfattarar. Del to skal handla om  det tekniske, men før ein kjem så langt at ein opprettar ein blogg så er det ein del ting å tenka igjennom og å planlegga.

Av: Ingelin Røssland

Eg var ganske så skeptisk til å begynna med blogg. For meg fungerte det heilt fint med vanlige heimesider, noko eg hadde fram til mai 2011.

Sånn såg dei gamle heimesidene ut:

 

 

Desse heimesidene fekk eg oppdatert ein gong i året av ein særdeles datakompetent fyr, noko som kosta meg nokre tusenlappar i året.

Det som gjorde at eg ville ha ei anna løysing var for det første at eg ville vera i stand til å oppdatera heimesidene sjølv med bokmeldingar og nyheiter og at eg ville ha muligheit til å kommunisera med lesarane mine gjennom sidene.

Erfaringar med dialog

I samband med Engel Winge-triologien sponsa forlaget flotte heimesider for serien. På desse sidene hadde eg ei eiga side der lesarane kunne senda inn spørsmål. Det har vore til stor glede for meg å kommunisera med lesarane på denne måten.
Her er lenke til Spørsmål og svar (http://engelwinge.no/sos/index.php) på engelwinge.no.

Det å snakka med lesarane ope på nettet på denne måten, gjer at ein får litt meir gjennomtenkte spørsmål enn i ei privat melding via facebook eller i e-post. Det er ingen som spør om eg kan skriva skuleoppgåva deira, for å seia det sånn. Som du vil sjå om du klikkar deg inn på www.engelwinge.no, så er det lite aktivitet på sidene lenger bortsett frå på Spørsmål og svar-sida.

 Kva treng du?

I dei fleste tilfelle vil denne enkle modellen vera nok:

Startside/heim

Bøkene

Forfattaren

Nyheiter/aktuelt

Spørsmål og svar

Å få til dette greier du sjølv, og det kjem i neste artikkel!

Spørsmålet er om du også vil ha ein blogg?

Mitt råd er at du ikkje bloggar med mindre du har lyst, tid og noko å seia.

Eg fann ut kva min blogg skulle handla om før eg bestemte meg for å også ha ein bloggdel. På min blogg er den over all forventning populære serien Bak bøkene (www.ingelin.no) som er små videointervju med forfattarar. Den andre serien som går er Arbeidsstova, og som namnet tilseier er dette ein serie som handlar om det å skriva bøker med tema som dramaturgi, dialog, skildring osv.

Så tenk gjennom om det er noko du er god på som du vil dela med dei som besøker bloggen. Skrivetips, tankar eller kanskje du rett og slett er hylande morosam?

Hent inspirasjon

Eg brukte mykje tid på å finna ut korleis mine sider skulle vera, og det er ingen løyndom at min blogg er inspirert av journalisten Ingvild Tennfjord.

(http://tennfjord.wordpress.com/)

Her kan du henta inspirasjon frå andre forfattarar:

Charlotte Glaser Munch sin blogg handlar om forfattarlivet: http://cgmunch.blogg.no/

Debutanten Renate Nedregård sin blogg heiter Den vanskelige andreboka, og handlar om nettopp det: http://renatenedre.wordpress.com/

Tor Arve Røssland har kombinert heimesider og blogg: http://forfattaren.no/

Som du ser oppe på venstre side så har han sidene sine kopla til andre sosiale media som twitter, facebook og YouTube. Dette er veldig smart og aukar trafikken inn på sidene dine:-)

Dette er Hans Petter Laberg sin blogg. Han bloggar nok litt meir etter innfallsmetoden, men det er sjarmerande når det er gjort med stil: http://hplaberg.blogspot.com/

Aina Basso er ein seriøs ringrev i bloggarverda som ofte kjem med vel gjennomtenkte og grundige innlegg på sin blogg: http://ainabasso.blogspot.com/

Ut i frå dette kan du laga ei skisse av heimesidene.

Den kan sjå sånn ut:

 


 

 

 

Kva vil du dela med verda?

Og no snakkar eg rett og slett om kor privat du vil vera.

Vil du visa fram huset ditt, ungane dine, hunden din, ektemaken/kjærasten din? Dette må du kjenna på sjølv.  Eg har gått for ”personlig men ikkje privat”.

Det betyr at eg kan legga ut eit bilete frå når eg er på turné eller berre av at eg går på tur med hunden. Resten av familien held eg utanfor bloggverda.

 

Det kan skapa eit personlig preg på sidene å visa fjeset sitt, og av og til i usminka versjon. Bessie får gjerne vera med på bilete.

Ei oppsummering?

Jepp, her blir det ei punktliste:

* Kva passar for deg? Blogg, Heimeside med blogg eller vanlig heimeside.

* Kor mykje tid vil du bruka på blogging og heimesider?

* Viss du vil ha blogg, tenk gjennom kva du vil dela med folket

* Få idear av andre bloggarar

* Lag ei skisse av strukturen på sidene

* Kor privat vil du vera, altså kor går dine ”nettgrenser”?

 

 

Andre forfattarar med blogg og eller heimeside:

Bjørn Sortland, Annette Münch, Live Bonnevie, Bjørn Ingvaldsen, Atle Hansen, Hilde Hagerup, Endre Lund Eriksen, Linn T. Sunne, Arne Svingen, Gro Røsth

No håpar eg du har nok grunnlag for å finna ut kva som passar for deg, neste gong går me laus på korleis.

Har du spørsmål eller kommentarar, ikkje nøl med å bruka kommentarfeltet.