Espen Beranek Holm leier juryen som skal kåre Noregsmeisteren i litteraturformidling

Juryen har kåra den første Noregsmeisteren i litteraturformidling. Vinnaren vart Gjertrud Øvland.

Konkurransen vart halden i Arendal kulturhus fredag 27. juli. I alt 14 deltakarar konkurrerte om å bli den beste formidlaren av litteratur. Både skodespelarar, forfattarar, bibliotekarar, lærarar, forteljarar og andre formidlarar deltok.

Gjertrud Øvland frå Oslo er opphavleg frå Finsland i Vest-Agder. Ho er barne- og ungdomsbibliotekar ved ein av Deichmans filialer og som bibliotekar formidla hun bøker kvar einaste dag. Det skriv Aust-Agder fylkeskommune på nettsidene sine.

I finalen formidla Gjertrud Øvland sambygdingen Gaute Heivolls bok ‘Før jeg brenner ned’.

Gjertrud har en bokblogg: Den store stygge bloggen om barnebøker (barnebokblogg.blogspot.com)

Juryleiar Espen Beranek Holm sa at juryen hadde hatt ei svært vanskeleg oppgåve og derfor hadde plukka ut fire finalistar istadenfor tre – dei fire som gjekk til finalen var: Hilde Eskild, Trygve Ramnefjell, Marianne Reusch og Gjertrud Øvland.

Andreplass og sølvmedalje vart tildelt Trygve Ramnefjell frå Søndre Land, og Hilde Eskild frå Lillesand fekk bronsemedalje. Hilde Eskild vart også tildelt publikumsprisen.