Prosjekt som skal skape leselyst

Ved Horten videregående skole samarbeider leiinga og bibliotekarane om eit prosjekt for å auke leselysta. Nasjonale prøver har vist at leseevnen til elevar ved vidaregåande skolar ikkje er på topp. Horten vidaregåande tok i fjor haust tak i dette og gjennomførte eit lesestimuleringsprosjekt. 

 
 Under prosjektperioden hadde elevane ein skoletime stillelesing kvar dag. I tillegg vart elevane oppfordra til å lesa 30 minutt kvar dag utanfor skoletida. For denne lesinga skulle dei føre ein enkel logg for å strukturere lesinga.

Bibliotekarene brukte kunnskapen sin om litteratur og formidling og kjøpte inn gode og spennande ungdomsbøker for 42 000 kroner, både på norsk og engelsk.

Leiinga opplever prosjektet som så vellykka at dei har bestemt at det skal køyrast eit tilsvarande prosjekt i haust.

«En viss andel av målgruppen leser ikke bøker i det hele tatt. Klarer vi på denne måten å få disse til å lese en eller flere bøker og kanskje oppdage at lesing åpner mange nye dører både innenfor og utenfor skolen, så har vi oppnådd mye». Det seier studierektor Marianne Kristoffersen Egeland til Bok og Samfunn.

Og skolebibliotekarane gjev gjerne råd og opplysningar til andre rundt om i landet som ønskjer å vita meir om satsinga.