Alf Kjetil Walgermo er tildelt årets bokhandlerstipend. Walgermo er ein modig forfattar som vågar å gå inn i det ein ofte ser på som kjipe tema og skapa sterke historier som lesaren blir rørt av, skriv NBUs litterære råd i si grunngjeving. Stipendet vart delt ut i Spikersuppa fredag av NBU-leiar Bjørn Ingvaldsen og direktøren i Forleggerforeningen, Trine Stenersen.Her er heile grunngjevinga frå rådet:

Alf Kjetil Walgermo er ein forfattar som også har skrive for vaksne. For barn og ungdom har han så langt skrive tre bøker, den første Keegen og Sjiraffen kom i 2007, så kom Mor og far i himmelen i 2009 og i 2011 kom han med ungdomsromanen Mitt bankande hjarta som har vekt stor begeistring både i inn og utland. Det er særdeles imponerande og prisverdig at Walgermo klarar å fenga så mange med eit så alvorlig tema som det å vera ei hjartesjuk jente som ventar på eit nytt hjarta. Men så er boka også ei sterk kjærleikshistorie. Alf Kjetil Walgermo er ein modig forfattar som vågar å gå inn i det ein ofte ser på som kjipe tema og skapa sterke historier som lesaren blir rørt av. I barneboka Mor og far i himmelen, skriv han truverdig og fint om sorg utan at det blir nitrist. Alf Kjetil Walgermo er ei forfattarstemme det er verd å følgja med på framover, han skriv med både eit brennande og bankande hjarta. NBUs litterære råd innstiller med glede Alf Kjetil Walgermo til Bokhandel

Mottakeren av Bokhandlerstipendet, Alf Kjetil Walgermo sammen med forfatterne Hilde Hagerup og Klaus Hagerup og to unge fans, Marcus og Martinius.

ens forfatterstipend 2012. Me håpar at dette vil vera ein inspirasjon til å halda fram med å skriva viktige bøker av høg litterær kvalitet for barn og ungdom.