Kulturminister Hadia Tajik

– Eg trur at Hadia Tajik med sin bakgrunn frå Ryfylke har eit jordnært syn på mange av dei sakene vi arbeider med, og samtidig er ein pragmatisk nok politikar til å finne smidige løysingar på utfordringar som vil koma.

Det seier NBU-leiar Bjørn Ingvaldsen om den nye kulturministeren. Ei viktig sak for henne å få på plass, er boklova, meiner han.

– Vi må frykte at dagens regjering berre vil sitja eit år til, og vi hadde verkeleg håpa at det skulle koma ei avklaring om denne lova før den tid. Nokre av dei avtalene om fastprisperiode som gjeld nå, går snart ut, og vi veit ikkje kva som vil koma til å skje. Det er vanskeleg å forstå kvifor ikkje regjeringa klarer å ta ei avgjerd.

Trenering?

I vinter vart det lagt fram to utgreiingar om boklov, begge var bestilte av regjeringa. Sjølv om konklusjonane var vage og sprikande, burde det nå vera nok materiale og innspel til at det går an å bestemme seg. Huitfeldt var ikkje tilfreds og bad om ei tredje utgreiing, der også elektronisk publisering blir omhandla, seier Ingvaldsen.

– Eg synest det verkar som ei trenering og forsøk på å skyve heile problemet over på neste Stortingsperiode og dermed kanskje ei ny regjering. Vi hugsar Høgres fornyingsminister Morten Meyer og arbeidet hans for å radere bort fastprisordninga for bøker i Norge.

DKS- midlar

Forgjengaren Anniken Huitfeldt forlet også andre uløyste saker som er viktige for forfattarane, meiner NBU-leiaren.

– Ei av dei viktige sakene vi ikkje har sett løysning på ennå, er finansieringa av Den kulturelle skolesekken. Løyvingane til DKS har stått stille i mange år mens utgiftene har auka, resultatet blir at det er mindre som kan brukast til kultur for barn og ungdom. Huitfeldt presenterte omfordelinga av tippemidlane som ein siger både for idretten og kulturen, ved at idretten får en mykje større del av tippemidlane, og ein lovnad om at kulturen skal få sitt over statsbudsjettet. Nå vart det statsrådskifte før budsjettet for 2013 blir lagt fram, så vi veit ikkje kva som er putta inn der til kultur for unge. Dei signala vi har høyrt, går ut på ei svært beskjeden auke i DKS-midlane.

Nordisk barne- og ungdomsbokpris 

Men  særleg ein ting er Bjørn Ingvaldsen tilfreds med at Anniken Huitfeldt fekk utretta.

– For vår del er den nordiske barne- og ungdomsbokprisen det viktigaste. Den har stått på vår agenda i mange år, og vi har mast på mange kulturministrar om å få den. Anniken tok fatt i det, bad oss om å samankalla nordiske kollegaer til eit seminar og inviterte oss til ministerrådsmøtet der prisen vart bestemt. 

Hadia Tajik overtar etter Anniken Huitfeldt

– Tilbake til den nye kulturministeren, bortsett frå boklova og DKS-midlar, kva forventar du deg av Hadia Tajik det nærmaste året? 

– Først og fremst at ho gjer seg kjent med kulturfeltet i Norge og klarer å sjå gjennom alle dei laga med byråkrati som ligg mellom ministeren og publikum som skal møte kulturen eller utøve den sjølv. Det er fem millionar brukarar av kultur her i landet, det er hundretusener som utøver kultur, og det finst mange gode krefter som vil det beste for kulturen. Som forfattarforeining reknar vi også med at ho vil bruke tid på å gjera seg kjent med det som finst av ny og norsk litteratur.