Fantastiske 640 bokmeldingar kom inn til Uprisen 2012! Det fortel prosjektleiar Bjarte Bakken i foreningen!les. Det er nesten tredobling frå i fjor, da var det 228 bokmeldingar. Fristen for å koma med melding, var 15. desember. Ein jury som skal nominere til prisen, er nå valt ut.
Ein grunn til den store auken, kan vera at det er med fleire bøker i år, forklarer Bakken. Det gjeld mellom anna ein del bøker som er kategorisert som juniorromanar. I år er 55 titlar med, mot 38 i fjor. Foreininga reknar med å gå ned på titlar att, slik at dei i åra framover endar opp med om lag 40.
I nominasjonsjuryen sit Marie Drønnen, Vilde O. Loe og Silje Benedicte Isebakke. 14. januar skal juryen møtast i Oslo. Dei skal nominere fem bøker. I alt 32 ungdommar sende inn søknad for å sitja i nominasjonsjuryen.
På nettsida til Uprisen kan du lese bokmeldingane: