Regjeringa set av 1,2 millionar kroner i revidert nasjonalbudsjett til tiltak for å auke leselysta hos barn og unge.  – Midlane blir forvalta av Kulturdepartementet og blir lyst ut innan kort, seier kulturminister Hadia Tajik (Ap) til NTB.

Revidert nasjonalbudsjett skal leggjast fram tysdag. 

Tajik varsla tidlegare i år at ho ønskte eit krafttak for å auke leselysta til barn og unge, og i april inviterte ho sentrale aktører, m.a. NBU, til eit møte i departementet. Der fekk ho klare tilbakemeldingar om at det ikkje berre må satsast på prosjekt, men at strategien må vera langsiktig. 

Strategi
– Meir langsiktige midlar må koma i dei ordinære budsjettrundane. Men 1,2 millionar kroner er ein god start. Alle som har en leselyststrategi dei ønskjer å setja i verk, kan søkje. Mange har konkrete idear. Det som trengst, er berre nokon midlar for å setja ting i gang, seier Tajik.

– Eg tar sikte på å leggje fram ein leselyststrategi i midten av juni, seier Tajik.

Innspill

Møtet i april samla vel 20 deltakarar frå mellom anna Forleggerforeningen, Forfatterforeningen, NBU, Nasjonalbiblioteket, Norsk bibliotekforening, Lesesenteret i Stavanger, Kulturrådet, Foreningen! les og Leser søker bok.

Tajik seier at ho etter møtet har fått inn fleire skriftlege innspel som er til stor nytte når strategien nå skal utformast.

Først og fremst er det leselysta til elevar i barne- og ungdomsskole som skal vekkast.