– Den kulturelle skolesekken er landets viktigaste kunst- og kulturscene. For stadig å høgje kvaliteten på det vi tilbyr barn og unge, så treng vi diskusjon om ordninga. Tilbodet er fint og flott, men det er alltid mykje som kunne vore annleis og betre. Det seier Vera Micaelsen, dagleg leiar for sekretariatet for Den kulturelle skolesekken, som har i ein kronikk på heimesidene etterlyser debatt og engasjement.

 – Kva trur du er årsaka til at det er så lite debatt omkring ordninga?

– Kanskje kjem det av at det er skolen som er arenaen, og da er det ikkje plass for samfunnsdebatt og kritikk. Og foreldre er stort sett uvitande om ordninga. Det er freistande å seia at samfunnsdebatten ikkje er spesielt opptatt av barn og unge.

Interessant forskingsrapport

Nyleg la Uni Rokkan senteret og Høgskolen i Bergen fram resultata av eit treårig forskingsprosjekt om Den kulturelle skolesekken. Fleire av resultata som kom fram der er interessante, seier Vera Micaelsen.

–   Rapporten viser at lærarane er usikre på kva rolle dei har, kva som er forventa av dei. Her er det noko å ta tak i. eg meiner det ligg store potensiale omkring kunst og læring. Dessutan er det veldig interessant, og faktisk litt overraskande, at lærarane er så unisont begeistra for ordninga. Teorien blant utøvarane og dei som arbeider i DKS, om at lærarane oppfattar ordninga som hår i suppa, gjeld altså ikkje.

Kva ønskjer elevane?

–  Vi veit heller ikkje stort om kva elevane meiner om ordninga og tilboda og kva dei ønskjer seg, seier Micaelsen.

Ho viser til at det nå blir sett i gang eit prosjekt som skal jobbe tett med ungdommen.

 –   Kva er den største utfordringa?

–   Vi skal ta mål av oss til å koma til det punktet der elevane, lærarane og DKS-utøvarane opplever at kunstmøtet har fleire betydningar. Møtet skal ha ein verdi i seg sjølv, men det bør også ha ein overføringsverdi, slik at kunstmøtet går inn som ein del av læringa. Dette kan alle få mykje ut av.

Vera Micaelsen presiserer at ho er imot at ein skal leggje opp til at ungar skal like alt dei får servert. – Barn er like kresne som oss vaksne, og det må dei få lov til. Dei skal smaka, men treng ikkje like.

Kunstnarnettverk

–  Kva forventningar har du til forfattarane og dei andre utøvarane?

–  Eg er opptatt av at utøvarane kjem meir på banen, og fortel kva dei tenkjer om Den kulturelle skolesekken.

Det blir nå etablert kunstnarnettverk i fem regionar, der utøvarar møtest på tvers av uttrykk. Målet er å få meir ut av ordninga for barn og unge. Det startar med eit regionsmøte i vest, der 12 kunstnarar presenterer prosjekta sine, der lærarar deltek, eit møte som skal vera eit diskusjonsforum. Dette er eit pilotprosjekt i samarbeid med Bergen kommune. Målsettinga er at det skal bli fleire neste år.

Og vi må bli flinkere til å involvere og inkludere barn og unge i hele prosessen. Vi må legge til rette for at barn og unge kan være trygge på at det er de som selv som bestemmer hvilken kunst som treffer dem. For det kan ikke vi bestemme. Men vi kan by på muligheter.

Kronikken til Vera Micaelsen:

Kva betyr Den kulturelle skolesekken? Om forskingsrapporten: