Buskerud fylkesbibliotek inviterer til nytt Ungdomsgilde, det tiande i rekka. Tid og stad er 17. oktober 09.00-16.00 på Union Scene, Drammen.

I invitasjonen står det:

Alle veit at det er viktig at ungdom leser. Men då må nokon fortelle dei om at bøkene dei kan identifisere seg med finst.

Buskerud fylkesbibliotek hjelper!

Buskerud fylkesbibliotek gjer at dei som arbeider med kultur for ungdom blir oppdaterte på ny litteratur.

Buskerud fylkesbibliotek presenterer nye trendar i den kanskje mest spennande litteraturen som blir skriven i dag.

Alt skjer på Ungdomsbokgildet, den viktigaste møteplassen for lesing og ungdomskultur.

Av årets program kan vi nevne:

-Hip hop-håpet frå Drammen, We Are 1 Crew, fyrer oss opp!

-Proffe presentasjonar av 30 bøker frå årets ungdomslitteratur.

-Ungdom presenterer  sine eigne favorittar.

-Kåre Kverndokken frå Høgskolen i Vestfold held foredrag om ungdom, gutar og lesing.

-Teikneserieforfattar Inga Sætre,  nominert til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris.

-Vera Micaelsen, aktuell med romanen Hyperpubertet.

-Guled Abdi, aktuell med slangordboka Den nye norsken.

Meir info:

Invitasjon bokgildet 2013