På kva måte kan bokbransjen halde miljøstigen sin rein? Det var problemstillinga som vart drøfta på medlemsmøtet i NBU 25. oktober. Arild Hermstad frå Framtiden i våre hender hadde innleiing, deretter deltok han i eit panel saman med Mette Newth frå Forfatternes Kunstneraksjon § 110b, Kari Spjeldnæs frå Forleggerforeninga og NBU-leiar Bjørn Ingvaldsen.

– Det er ikkje bokproduksjonen som er det store miljøproblemet, sa Hermstad i si innleiing. Det kostar miljøet 3 kg CO2-utslepp å produsere ei bok, og det er ikkje mykje, meinte han.

– Kanskje treng vi ikkje fleire organisasjonar som held appellar, forfattarane kan bruke kompetansen sin til å skrive bøker som tar opp miljø- og klima problemet, sa han.

Mette Newth sa at bransjen treng ein diskusjon om korleis bøker blir produsert. Men ho meinte at det også er viktig at forfattarar og andre kunstnarar deltar aktivt i miljøkampen, blant anna gjennom aksjonar og det å gå i demonstrasjonstog.

Kva kan gjerast?

– Men gjer forleggjarane nok i arbeidet for å avgrense CO2-utslepp i produksjonen, spurde Newth.

– Nei, måtte Kari Spjeldnæs seia. – Forleggerforeninga har ikkje hatt spørsmål knytta til klima og utslepp så høgt oppe på dagsorden.

Men miljøet blir ikkje betre fordi om ein lar vera å gje ut bøker, meinte ho. Derfor er det viktig å sjå på kva som kan gjerast. Ho nemnte miljømerking knytta til produksjonen av papir, at skogeigarane forpliktar seg til å plante ny skog, ho nemnte at klorbleiking av papir er ute, sertifisering av bedrifter, trykkeri som sender ferdige bøker med tog i staden for bil, at trailarar køyrer med fullasta bilar.

Bjørn Ingvaldsen var glad for at bokbransjen gjer såpass som dei gjer. Han meinte forfattarforeiningane også må bekymre seg for arbeidsforholda for dei dei som lagar bøkene, at dei ikkje blir utsette for kjemikalier, at det ikkje foregår barnearbeid, at alle får ei forsvarleg lønn. Han kunne tenkje seg ei merking på bøkene, som garanterer at det ikkje har vore noko utnytting.

Spjeldnæs trekte fram at fokuset på at alt skal vera billig aukar risikoen for at delar av bokproduksjonen skjer under uheldige forhold.

Å skrive om klima for barn

Men kva slags bøker bør forfattarar skrive om dei vil nå barn og ungdom med temaet miljø og klimaproblem?

Undersøkingar viser at dagens unge er mindre opptatt av miljø enn tidlegare, samtidig som dei er storforbrukarar. Kjem det så ut bøker som tar opp dette temaet?

Kari Spjeldnæs viste til Jostein Gaarders «Anna», men meinte at det er vanskeleg å engasjere gjennom bøker. I så fall må den engasjerande handlinga føre til at lesaren blir kjenslemessig berørt. Ho kunne fortelja at det nå er ein tendens til at den realistiske litteraturen kjem tilbake, etter ein periode den fantasy har dominert banen.

Mette Newth trekte fram at bøker som vil engasjere i slike viktige verdispørsmål ikkje må vera belærande. La ungdommane prøve å skrive sjølve, sa ho.

– Kan vi vera med på å få dagens unge ut av fortvilinga? spurde Bjørn Ingvaldsen. – Kva trur dagens unge at dei kjem til å dø av? Ikkje av atombomba som ein eldre generasjon var redde for. Nei, dei trur dei kan døy av mat, av usunn, farleg mat.

Han meinte det var mange ting å ta fatt i for dei som skriv, men vi må ikkje tre det nedover hovudet på dei. Vi må snakke med unge, ikkje til dei.

Ein av medlemmene som var på seminaret og følgde debatten, var Lars Mæhle. Han har nokre kommentarar i etterkant, og dei får vi lov å ta med her:

Eg følgde programposten «Grønt seminar» under medlemsmøtet med stor interesse. Debatten var god, men skeia tidvis litt bort frå utgangspunktet, nemleg spørsmålet «På hvilken måte kan bokbransjen holde sin sti ren?».

Om ein skodar over mot Sverige, finst det der eit heilt konkret forlagseksempel og svar på spørsmålet. For eit par år sidan dro Bonnier forlag i gang det dei har kalt «Klimatsmartpocket». Dette har vore på marknaden i ein to–tre år no, og står omtalt her: http://www.bonnierpocket.se/Klimatsmartpocket/

Dette er eit heilt konkret svar på spørsmålet, nemleg kva forlag kan gjere for å halde sin miljøsti reinare. Det Bonnier i forkant av serien, var å kontakte ei gruppe ingeniørstudentar. Dei fekk i oppdrag å finne ut korleis forlaget kunne produsere pocketbøker mest muleg miljøvennleg.

Svara var de innom i debatten: «kortreiste» bøker (bokproduksjon i Sverige), miljøvennleg papir osv. Interessant nok er Bonnier òg (slik de kan lese på nettsida) i tillegg villige til å betale ein sum, eit slags «mellomlegg» for pocketbøkene i denne serien, ein kompensasjon for energibruk og CO2-utslepp som bokproduksjonen innebêr.

Klimatsmart-pocket har vore ein suksess. Pocketbøker med klimatsmart-merke har seld ekstra godt. Det gir «status» blant unge å bli sett på t-banen med ei slik pocketbok.

Eit heilt konkret døme, altså, på at det går an å tenke nytt og kreativt og ta miljøhensyn mht. bokproduksjon.

Lars Mæhle