– Eg har hatt lyst til å bli to ting i livet, veterinær og forfattar, sidan eg var heilt lita. Eg likte å lese, og eg liker å skrive, og begynte å skrive historier alt på barneskulen. Så heldt eg fast på tanken,og begynte etterkvart å jobbe med manus. Eg hadde kort og godt bestemt meg for å bli forfattar. Det seier Anne Viken, som nyleg vart medlem i NBU.

– Eg bruker mykje tid på å tenke ut idear og gjere research, og samlar informasjon og erfaringar eg kan bruke for å kunne bygge realitetsnære plott i verkelege miljø. Dette er noko av det kjekkaste med å skrive. Erfaringar og research er bærebjelke i mine bøker til no, og kjem nok også til å vere det i framtida. Bruker eksisterande univers, og eksisterande miljø som base for alt eg skriv, så og sei.

Anne Viken har gjeve ut to bøker om Elise og hestar.

– Det er spenningshestebøker frå ein dyrlegepraksis. Eg er sjølv dyrlege, så nesten alle hestane du møter i bøkene har eg møtt sjølv ute i praksis. Det er virkelighetsnære bøker med eit spenningsplott og moment frå det overnaturlege. Tidsmessig er dei lagt til notid, og notidig veterinærpraksis og hestehald. Alt veterinærane føretek seg og seier, er basert på fagstoff og ekte behandlingar, råd til stell og handtering, samt notidige problemstillingar. Her kan ein lære ein god del om hestar, og stoffet er bakt inn i handlinga.

Eg spelar også på møtet mellom gamal overtru og segner, og moderne medisin, eit møte som er delvis reelt framleis i dag. I boka Elise og mysteriet på hesteklinikken (2013) møter Elise ei gamal kvinne som seier ho kan snakke med kattar og andre dyr. Denne kvinna er basert på research på dyretolker, blant anna ei bok skriven av ein nolevande norsk dyretolk, og difor reell i form av korleis kvinna kommuniserer med dyra. Bøkene ligg tettare på røynda enn nokre kanskje trur, og veterinærpraksis speglar også ei anna røynd og andre erfaringar enn ein tradisjonelt vert presentert for frå bygdemiljø.

 – Kvifor valde du skrive for barn/ungdom?

– Det var i grunn litt tilfeldig, trur eg. Las ei bok om Pitbull Terje der han barberte ein puddel, og fekk lyst til å skrive barnebøker sjølv. Det gir store spelerom for å skrive, det er mykje tak over barnebokhimmelen, og eg liker det direkte språket i ein del barnebøker. Eg liker handling, spenning og gode plott, konkrete skildringar og action.
–   Er det noko sak du er spesielt opptatt av som forfattar?

– Eg er oppteken av at ein må få fokus på eit breiare spekter av bøker. No tek bestselgarar det meste av fokus både i bokhandlar og i media. Eg har forøvrig fått mykje merksemd for mine bøker, så kan ikkje klage, men ser at mange nye forfattarar og smalare bøker druknar fullstendig. Det er trist både for forfattaren, men også for lesaren som går glipp av mange godbitar. Ein les og kjøper ofte det ein kjenner til. Den jamne lesar trålar ikkje forlagas høstkatalogar.
– Kva likar du best å gjera når du ikkje skriv?

Eg er veldig glad i å vere ilag med vener eller å vere på fjellet. Går på så og sei alt av teater og kunstutstillingar her i området, og les svært mykje. Gjerne dokumentarer, debattbøker og ellers gode romanar. Jaktar alltid på ein god roman, og kjem med jevne mellomrom over nye forfattarar. Då sluker eg gjerne heile forfattarskapen. Så har eg lyst på ein hest. Den gamle hesten min døde for to år sidan.

– Kva forventningar har du til NBU?

– Eg forventar at eg via NBU vil få kunnskap om bokbransjen og viktige debattar som angår forfattarane. Samtidig håper eg å kome i kontakt med spennande folk, både forfattarar og andre, som ein kan lære av og utveksle erfaringar med. Det er også viktig å stå ilag for å arbeide for best mogeleg kår for forfattarar.

Det er også flott, tenker eg, at forfattarar kan møtest og utveksle tips og erfaringar, blant anna gi kvarandre drahjelp på sosiale medier. Sosiale medier er ein veldig viktig plattform for spreiing av informasjon rundt bøker. Å løfte fram kvarandre sine bøker er viktig. Slik kan vi få fram også fleire bøker enn det som blir løfta fram av bokhandlarkjedane. Sosiale medier og nettet er ei sterk motmakt, og her er det mange triks og tips ein kan dele. Eg er veldig interessert i marknadsføring, personleg, og har brukt mykje tid på å sette meg inn i salg og alternative kanalar for promotering. Dette er eit tema eg verkeleg er oppteken av og har lagt mykje tid i: få bøkene ut til folket via alternative kanalar.