«Då eg vart mor byrja eg å lese barnebøker med ny interesse. Blant anna funderte eg på kvar mødrene fanst i barnelitteraturen. Og då eg las Hilde Kramer si bok «Hvor er mamma?» (2007) kjende eg meg att. For mødrene var som regel fråverande. Utan at eg forsto kvifor. Som hovudpersonen Marie i Kramers bok tenkte eg at eg måtte gå systematisk til verks. Kvar skulle eg leite? Det var kanskje naturleg å starte i heimen?»

Det skriv Marit Brekke i ein forskingsartikkel som er trykt på Periskop.no.

Ho går gjennom barnelitteraturen frå folkediktinga og Rousseau, gjennom den barnelitterære kanon (t.d. «Den løyndomsfulle hagen», Charles Dickens, «Heidi» og andre forteljingar om foreldrelause barn), og skriv at det kan vera fleire talet.

«Innanfor borgarstanden var ikkje verken mødrene eller fedrane særleg synlege i barneoppdraginga, og det var denne samfunnsklassa som vart oftast skildra og omtala i litteraturen på 1800-talet. Mødrene hadde få juridiske rettar i borgarklassen.»

Brekke tar vidare for seg barneklassikarane i Norden (som forteljingane til dei tidlege feministane Astrid Lindgren og Tove Jansson), deretter barnelitteratur i norsk etterkrigstid (Prøysen, Egner, Vestly), og til postmodernismen.

«Vi nærmar oss vår eiga tid. Det har vorte sagt at foreldra har gått gjennom ei barnleggjering, eller kanskje også ei latterleggjering i barnelitteraturen i postmodernismen. Eit av dei postmodernistiske grepa er nettopp ironiseringa over roller som vi går inn i, og kanskje særleg roller knytt til tradisjonell autoritet, som foreldrerolla. Spørsmålet er kva ein oppnår ved å gjere det.»

Kva så med mødreskildringane på 2000-talet?

«Korleis vert så dei «fragmenterte» mødrene skildra i vår tids barnelitteratur? Det vert tatt eit oppgjer med morsrolla i fleire barnebøker etter 2000-talet.»

Artikkelforfattaren analyserer fleire nyare norske bøker med temaet og spør kvifor dette morsfråveret eksisterer:

«Fråveret av mor er interessant. I spedbarnsstadiet er ho den av omsorgspersonane som er nærmast barnet og lever i eit symbiotisk forhold til det. Mor er knytt til det bestandige, og til primærbehova. Ho vil alltid vere knytt til heimen. Iallfall i småbarnsfasen. Og dersom mor er borte i ei forteljing, skapar det ei sterk spenning i teksten. Det gir ein sympati for barnehelten i forteljinga. Morsfråveret representerer ei utfordring for barnet, og barnet vert meir sårbart. Det skapar også eit brot med dei tradisjonelle forventningane til kvar mor skal vere, dvs nær barnet. Fråveret av mor representerer også sorg. Difor kan mor i fleire forteljingar knytast til lengt.»

Les heile artikkelen med avsluttande kommentarar og konklusjon på Periskop.no:

http://www.periskop.no/kvar-er-mor-pa-leit-etter-modrer-i-barnelitteraturen/