Korleis finn vi ut kva som er litteratur når den ikkje lenger berre finst mellom permene på ei bok, men flyt på alle plattformer? Det var eit av dei sentrale spørsmål Elise Seip Tønnesen stilte i foredraget sitt på barne- og ungdomslitteraturkonferansen «Se og les» i Bergen tysdag.

Seip Tønnesen er forskningsleiar ved Norsk barnebokinstitutt og professor ved Universitetet i Agder. Foredraget var basert på forsking som ei nettverksgruppa frå NBI, høgskolar og universitet har gjennomført. Forskingsmateriale som skal bli bok til hausten, fortel ho.

I foredraget tok Elise Seip Tønnesen utgangspunkt i litterær oppleving som pakkeløysing, som ein i dag ser sradig meir av, romanfigurar som inspirerer, som skaper interesse for ein roman, som så kan føre lesaren vidare til videosnuttar på You Tube, til film, til appar og andre medium. Døme på det er Harry Potter, Teskjekjerringa, Karsten og Petra.

«Fandom»

Omgrepet Fandom er henta frå Henry Jenkins og handlar om fellesskap som deler fascinasjonen for fantasiunivers, basert på felles smak, tilknyting og følelser for eit univers. Med utgangspunkt i Fandom kan fansen skape ny litterær aktivitet, ved at dei kan laga eigne versjonar, utvide med vekt på bipersonar, innføre moralske snuoperasjonar, laga nye perspektiv på same handling, setja karakterane i nye kontekstar, dikte inn seg sjølv og så vidare.

Appar

– Vi har framleis boka som medium, der litteraturen finst mellom to permar, og der det kanskje først og fremst er berre boka og lesaren, sa Seip Tønnesen. – Med adapsjonar frå bok til andre medier, kjem same historia i ny kontekst, noko som kan føre til fortolking, nyskaping og intertekstualitet.

Seip Tønnesen brukte ein del tid på å gå gjennom den nye plattforma for dei minste, nettbrett med berøringsskjerm og appar.

– Kor lenge vil det heite bildebokappar? spurde ho.

For nå er ein del appar digitale frå starten, og har aldri vore bok.

Appar finst nå i fleire former, alt frå den som har utgansgpunkt i bildebøker, der du nærmast kan bli, og er forteljarstemma er viktig. Så finst det dei med tilleggeffektar som lydkulisser og animasjonar (i Stian Holes «Garmans sommer» har appen flygande insekt), neste steg er den interaktive speleboka, (som Åshild Karstad Johnsens «Kubbe rydder opp»), der lesaren sjølv må vera aktiv. Så kjem appen som ikkje ta utgansgpunkt i bok, men har digital førsteproduksjon, der det ikkje er mykje att av bokmediet (døme «Maja og det magiske spillet», der brukaren må trykke på skjermen for å hjelpe Maja).

Kva er litteratur?

Når mediene smeltar saman, og litterært innhald flyt over på nye plattformer, kva er da litteratur, spurde Seip Tønnesen.

– Vi kjem ikkje tilbake til der litteratur er det som finst mellom to permer, sa ho.

– Litteratur er det som har til hensikt å gje lesar/brukar estetisk erfaring, konkluderte ho med. – I form så er det eit poetisk uttrykk, bruksmåten er litterær nyting for opplevinga si skuld, og funksjonen er å tilby estetisk erfaring.