Korleis opplever elevane møtet med Den kulturelle skolesekken og med kunst og kultur? Dette har ei forskingsgruppe sett på, og 18. februar var datoen for at resultata av ei omfattande undersøking skulle leggjast fram. Det skriv Kulturrådet/DKS på nettsida si. Resultata er ennå ikkje offentleg kjent.

Etter at Uni Rokkansenteret og Høgskolen i Bergen i juni 2013 la fram resultata fra eit 4-årig forskingsprosjekt på Den kulturelle skolesekken, tilrådde forskingsgruppa at ein burde sjå nærmare på korleis elevane opplever møtet med DKS.

Som ei direkte oppfølging av denne tilrådinga bestilte sekretariatet for DKS ei kvalitativ undersøking på korleis elevane på ungdomstrinnet og VGS opplever møtet med kunst og med DKS, hausten 2013.

Oppdraget vart gjeve til CCE. CCE (Creativity, Culture and Education) er ein organisasjon som er etablert i England og som jobbar over heile verda med utvikling, forsking og metodikk som spring ut frå den engelske varianten av DKS – Creative Partnership.

Creativity, Culture and Education

CCE har knytta til seg tre kulturelle agentar her i Norge, ein i Oppland, ein i Ås og ein i Trøndelag. Desse tre har jobba med ei gruppe ungdom kvar over ein lengre periode. Saman med elevane har dei oppsøkt, møtt og deltatt i forskjellige kunstmøte, dei har diskutert, reflektert og utforska forskjellige aspekt med kunst. Både i og utanfor skolen, og resultatet er ei grundig og omfattande undersøking.

I nettsaka står det at Paul Collard fra CCE legg fram resultata av undersøkinga 18. februar for sentrale aktørar i DKS og for Ekspertgruppa for kunst og kultur i skolen som er nedsett av KUD og KD. Det blir også utarbeidd ein skriftleg rapport som vil bli gjort tilgjengeleg for alle, i tillegg til at resultata skal presenterast for DKS-nettverksmøte i Kirkenes i april.

Pressemelding fra Kulturdepartementet