Boka «Førstemamma på mars» av Gyrid Axe Øvsteng og illustratør Per Ragnar Møkleby vann to prisar torsdag, Kritikarprisen for årets beste barnebok, og Kulturdepartementets bildebokpris.

Kulturminister Thorhild Widvey delte ut enda seks barnebokprisar. Litteraturprisen for årets beste barnebok gjekk til debutanten Håkon Øvreås for høgtlesingsboka «Brune», som er illustrert av Øivind Torseter.

Fagbokprisen gjekk til Anne Thelle for boka «Bombene over Hiroshima og Nagasaki», mens Bo Gaustad fekk illustrasjonsprisen for bøkene «Buster», «Bøllene» og «Hvorfor er vannet vått?». Heidi Sævareid fekk debutantprisen for ungdomsboka «Spranget». Eva Jensen fekk oversettarprisen for omsettinga av Carl Sandburgs diktbok «Små heimar». Teikneserieprisen gjekk til Steffen Kverneland for «Munch».

Meir om Kulturdepartementets prisar og prisutdeling på barnebokinstituttet.no:

Meir om Førstemamma på mars på framtida.no:

Skreiv vinnarboka då ho vart sjuk