Mange forfattarar blir med jamne mellomrom kontakta av skoleelevar som skal skrive oppgåve om han/ho. Av og til kjem det nokre hyggeleg spørsmål og gjerne takk for hjelpa etterpå. Men det finst også dei som nærmast forventar at du skal skrive oppgåva for dei.

Norsk forfattersentrum har laga ei rettleiing for elevar som skal skrive oppgåve om forfattar, eller på andre måtar har det i lekse. Denne leksehjelpa ligg inne på nettsida under Forfattarkatalogen.

Der står det mellom anna:

Har du lekse om ein norsk forfattar?

Vil du ha hjelp frå forfattaren sjølv?

Mange norske samtidsforfattarar er så heldige å få tekstane sine på trykk i norske skulebøker eller bøkene sine analyserte i fordjupingsemne . Forfattarane blir ofte bedne om å svare på elevanes spørsmål om tekstane. Dei fleste forfattarar synest at dette er hyggeleg, men av og til kan det bli for mykje.

I samarbeid med Landslaget for Norskundervisning har Norsk Forfattersentrum utarbeida tre sett med køyrereglar for best mulig kontakt mellom skuleelevar, lærarar og forfattarar.

Sjå meir her: