Martine-Eg vaks aldri av meg interessa for barnelitteratur. Sjølv etter at eg er blitt vaksen les eg framleis barnebøker. Eg synes mange av dei finaste historiene som finst er skrive for barn, og at dei er like gjeldande og sanne for oss vaksne. Barna er viktige publikummarar som fortenar det beste. Barneåra er tida der grunnlaget blir lagt og vi formast som menneske.

Det seier Martine Grande, forfattar og illustratør og ny medlem i NBU. Martine har skrive og illustrert to bildebøker; ”Kakerlakken med den stygge frakken” (2013) og ”Dagen opp ned” (2015). martinebilde2

-Kvifor ville du bli forfattar?

-Eg ville bli forfattar for å få setje ord på all undringa eg hadde, og for å få fortelje dei historiene eg synest er viktige og fine. Eg er utdanna animatør og har heilt sidan studietida skrive manus til kortfilmar, både for vaksne og barn. Steget frå film til bok var derfor ikkje så stort.

-Er det noko sak du er spesielt opptatt av som forfattar?

-Eg har alltid vore veldig inspirert av forfattarar som byggjer boka og universet sitt rundt ei djupare meining eller tema. Eg har veldig tru på at underholdning kan kombinerast med viktige og aktuelle tema.

martinebok1-Kva likar du best å gjera når du ikkje skriv?

-Når eg ikkje skriv teiknar og illustrerer eg eigne og andre sine tekstar, og eg lagar animasjonsfilm. Når eg ikkje er på jobb trålar eg internett etter inspirasjon, les bøker og blad. Og så teiknar eg gjerne enda litt til…

-Kva forventningar har du til NBU?

-Heite rykte skal ha det til at her finn ein eit etterlengta fellesskap, og dette ser eg veldig fram til. Når ein jobbar med eigne prosjekt blir ein ofte veldig aleine i arbeidet. Det er derfor viktig å føle at ein har vener og kollegaer som er opptekne av det same.