I fjor lanserte Foreningen les! ein nasjonal nynorsk leseaksjon for alle elevane på 7. trinn. No får 15.000 nye elevar same tilbodet. Formålet er å fremja nynorsk for ungdom, skriv framtida.no.
Aksjonen har namnet «Tid for ti» og innheld ein antologi med utdrag frå ti nynorske bøker. Antologien blir i januar sendt ut til elevar på 7. trinn i heile Noreg.
– Kampanjen er med på å auka den språklege sjølvkjensla til nynorskelevar, samtidig som bokmålselevar blir motiverte til å lesa nynorsk via kvalitetslitteratur, meiner Ole I.B. Storø i Foreningen les!
«Tid for ti» inneheld i år utdrag frå desse bøkene:
- Engel i snøen av Anders Totland
- Stian og Stine: Motorsykkelmysteriet av Magnhild Bruheim
- Skammarens dotter av Lene Kaaberbøl
- Svarte-Mathilde av Tor Arve Røssland
- Keeper’n til Tunisia av Lars Mæhle
- Rekrutten av Robert Muchamore. Illustrert av Ian Edginton & John Aggs
- Fly, Thea! Fly! av Bente Bratlund
- Veslebror ser deg av Cory Doctorow
- Kjære søster av Alf Kjetil Walgermo
- Galdersjerna av Asbjørn Rydland