2016 er over, og det litterære rådet i NBU har oppsummert. Nok ein gong brukar vi den avslørande intervjuforma for å lufte tankar om kva som rørte seg på barne- og ungdomsbokfronten i fjor.

Av Tor Arve Røssland, leiar NBUs litterære råd

Ser du nokon klar tendens når det gjeld barne- og ungdomsbøkene i 2016?

Vi har sett fleire tendensar, men ingen som skil seg ekstremt sterkt ut. Det er ein liten nedgang i dystopi- og fantasilitteratur. Jan Tore Noreng vann til og med Uprisen med ei realistisk bok: #alfahann, i skarp konkurranse med fire andre bøker i fabelprosasjangeren. Om dette er ein tendens, eller eit unntak er vanskeleg å seie. Ungdom er like ulike som alle andre grupper.

Andre tendensar er litt færre biletbøker, og svært få som har debutert med biletbok i 2016. Til gjengjeld er det mange debutantar i ulike sjangrar med bøker for ungdom – eller unge vaksne. Og med ei overvekt av kvinnelege forfattarar.

I tillegg er det store skilnader på forlaga. T.d. Aschehoug, som dominerer fullstendig når det gjeld talet på debutantar. I totalt ulike sjangrar – som t.d. Lars er LOL (Iben Akerlie) og Mine brødre (Adel Khan Farooq). Begge gode, men motpolar i kvar sin sjanger.

I tillegg er det kome veldig fine diktbøker for barn i 2016, med Ruth Lillegraven Eg er eg er eg er,  som ein rådsfavoritt – ettertenksam, humoristisk og smart på same tida. Gode dikt både for barn og vaksne.

Sidan vi er inne på det – Korleis står det til med nynorsken?

Som ein kan forvente i ein tøff marknad. Det kom kanskje litt færre ungdomsbøker ut på nynorsk, men eit par av dei set til gjengjeld djupe spor. T.d. Anders Totland si nydelege bok Engel i snøen. Ei sterk og nedpå skildring av ein gut som ligg på sjukehuset for å døy. Trist og fin på same tida.

I tillegg debuterte Christian Wiik Gjerde med den nostalgiske boka Jakta på firkløveren, og Terje Torkildsen slo til med Stavanger Stories 1. Noko vi kan gjette blir ein serie med underfundige skildringar frå oljebyen. Ser fram til meir frå denne forfattaren.

Og ikkje minst kom Asbjørn Rydland med solid sci-fi/fantasy i Vegandi – Galderstjerna. Starten på det som kan bli ein minst like god serie som den om Drakeguten.

Når det gjeld bøker for yngre barn så verkar det som om forlaga satsar mest på lettleste bøker på nynorsk. Samlaget har Leseland-serien som har nokre bøker av norske forfattarar. Bøker som det alltid er artig å lese. Linn T. Sunne klarte faktisk å skremme meg litt med Jenta i blindgata. Men eg blir fort skremt av ting som skjuler seg i speglar.

I fjor sa du at du var sikker på at det i 2016 ville kome mange bøker som handla om flyktingskrisa. Skjedde det?

 Det har ikkje tatt heilt av slik eg hadde trudd. Men bøker som er innom tematikken har vi sett. Dette er eit stort og vondt tema, og forfattarar treng tid på seg til å gjere denne jobben skikkeleg. Vi veit at det i 2017 kjem bøker om dette.

I 2015 var humor ei mangelvare, var det betre i 2016?

Både ja og nei. Mange forfattarar er alvorlege menneske. Men det er kome eit par bøker som har fått meg til å gapskratte. Eg ler av pinlege situasjonar, og dei er det nok av i debutant Gudrun Skretting si bok Anton og andre uhell. I tillegg er det ein god del humor i Ragnar Hovland si bok Om noko skulle skje, slik som det alltid er i hans bøker. Denne boka er forresten første ungdomsboka hans på mange år. Og for meg som er superfan, er det ei lita feiring i seg sjølv.

 Er det mykje vald og brutalitet, eller er bøkene meir eller mindre «snille»?

 Eg synest ikkje det er for mykje vald, men eg er ein hardhaus når det gjeld slikt. Sjølvsagt går det hardt for seg når Sigbjørn Mostue avsluttar trilogien I morgen er alt mørkt – Når historien slutter.  Men det skal gå hardt for seg i ein slik sjanger. Arne Svingen klarte å sjokkere litt med Man dør litt hver dag, spesielt opninga av boka var heftig. Men slikt likar eg jo.

Er det nokon som tør å ta opp skikkeleg vanskelege tema?

Ikkje mange. Gro Dahle, med Svein Nyhus som illustratør, tar opp fæle ting i Blekkspruten. Ei bok som nok vaksne bør lese saman med barn. Temaet er incest, og det er vel kanskje ikkje så mange andre enn Dahle/Nyhus som kan få til noko slikt.

Vår eigen leiar i NBU, Bjørn Ingvaldsen, har skrive boka Far din, om det å vokse opp med ein kriminell far som hamnar i fengsel, og korleis samfunnet behandlar den utstøytte familien. Ei sterk bok, om kor fæle vaksne menneske kan vere mot eit barn.

Homofili dukkar opp i nokre bøker, med dette er heldigvis ikkje så kontroversielt som det var før. Fint at dette blir normalisert og ikkje gjort til sensasjon.

Elles er det nokre bøker om å vera utanfor, litt om mobbing, nokre få som har viktige karakterar med ei eller anna medisinsk diagnose. Noko eg trur det kan kome fleire bøker om. Det er mange slitsame mødrer i mange av bøkene, kanskje ikkje så mange fedrar. Og som alltid blir dei store eksistensialistiske spørsmåla satt fokus på, både i dei realistiske bøkene, og i dei som går over i det fantastiske.

Kva tenkjer du om situasjonen for barne- og ungdomsbøker?

Det er relativt gode kår for utgjeving av barne- og ungdomsbøker her i landet. Både gjennom innkjøpsordninga, og utdeling av nokre få stipend. Men når bøkene er skrive og trykt opp, stoppar det på ein måte opp. Her har bokhandlarane ein jobb å gjere for å profilere norske barne- og ungdomsbøker, og ikkje berre bestseljarane. Sjølvsagt er dette ei utfordring, men det finst unnatak. T.d. der alle bøkene står med framsida ut og dei tilsette har full kontroll på alle dei nye norske bøkene. Desse bokhandlarane er dessverre ikkje i fleirtal.

Biblioteka gjer ein framifrå god jobb. Men nedlegging som følgje av kommunesamanslåing er ein trussel, og også noko som rammer nynorske bøker. Små nynorskkommunar blir tvungne saman med store bokmålskommunar og lesarar, elevar og vaksne mister litteratur på hovudmålet sitt. Ei særs trist, og unødvendig utvikling.

Og eg er bekymra for skulebiblioteka. Ungane er det viktigaste publikummet for all litteratur, og som alle turnerande forfattarar veit, så er det langt mellom kvart skulebibliotek som imponerar.

Kva trur du om 2017? Kva håpar du på?

 Eg trur og håpar på den same litterære variasjonen vi har hatt dei siste åra. Vi er heldige som har ein stor og aktiv forfattarstand her i landet. Eg håper vi får fleire stipend å dele ut, slik at fleire forfattarar kan leve av forfattarjobben. At økonomiske styresmaktene ser verdien i å gje barn og unge endå fleire velskrivne bøker.

I tillegg er eg ganske sikker at det kjem bøker om flyktingar i den næraste tida, og at det kjem fleire bøker med ein hovudperson som heiter Bo, og kanskje til og med eit par bøker om demens.

Illustrasjon frå Blekkspruten