Kvinnene bak den populære og djuptpløyande barne- og ungdomsbokpodden Bladen brinner vendte nasa og blikket mot Noreg for å finna ut kva det er som gjer at den norske bokbransjen er prega av eit mykje betre og varmare klima enn den svenske. Vi har intervjua Johanna Lindbäck, ein av kvinnene bak Bladen Brinner.

 Av: Ingelin Røssland

Foto: Bladen Brinner

 

– Først heilt kort; kven er det som står bak Bladen Brinner?

Vi er begge barne- og ungdomsbokforfattarar som har skrive ei heil mengd bøker, og i tillegg jobba med lesing, lesefremming og litteratur på ulike måtar i fleire år. Til slutt blei vi for frustrerte over hvor dårlig mediadekninga av barne- og ungdomslitteratur er, så vi tok saka i eigne hender og skapte Bladen brinner-podden. No har vi halde på i nesten to år og laga 30 episodar. Alle episodane er å finna på bladenbrinner.se.

– Kvifor vender Sveriges kulaste bokpodd blikket mot Noreg? 

Det er eit veldig lett svar: Vi hadde kjempelyst til å reisa til Oslo. Ha, ha!
Eit meir seriøst svar er at vi blei invitert till Barnebokkonferansen i Stavanger førre året. Der fekk vi opna blikket for det nordiske. Det er jo litt spesielt, sidan ein til vanlig er så oppteken av kva som skjer i sitt eige land at ein ikkje ensar anna. Men Stavanger gav perspektiv og ny innsikt, og vi fekk høyra på norska opphavspersonar, og alt dette gjorde oss nyfikne. Dette i kombinasjon med att det finns ein heil del skilnader mellom Noreg og Sverige som er interessante å prata om.
Og så ville vi faktisk veldig gjerne reisa til Noreg; Stavanger-reisa gav meirsmak.

– Kva fann de ut var dei største skilnadane mellom norsk og svensk bokbransje?

I Noreg verkar det som om kulturen viktigare og den får mykje meir støtte. I Sverige er det liksom: «Jaha, du vil vera forfattar? Lykke til med å skrapa saman ei inntekt til å leva av!» Det er kjempevanskelig å leva av forfattaryrket åleine. Stipenda er få og pengesummane låge, så ein må sysla med fleire ulike jobbar. Det er generelt veldig vanskelig å vera kulturarbeidar i Sverige, og det blir stadig tøffare. Når det blir gjort undersøkingar og rapportar viser det sig att kulturskaparar i Sverige i stor grad kjem frå miljø som kan støtta dei økonomisk. Det er nødvendig når inntektene er låge.
I Noreg opplever eg at det er meir: «Jaha, du skriv bra bøker? Fint! Då skal vi sjå kva vi kan gjera for å hjelpa litt til så du kan halda fram med det.» Stipenda er meir sjenerøse og frekvente, pluss denne innkjøpsordninga, som vi i Sverige ikkje er i nærleiken av å ha. Noreg verkar heilt enkelt å vera meir oppteken av at det skal finnast bra kultur som ikkje er på toppen av bestseljarlistene (og klarar seg sjølv av den grunn).

OM NOREGSSPESIALEN: «Vi har varit i Norge, och försökt lära oss allt om barnboksvärlden i vårt grannland! Hör förläggaren Sverre Henmo, Birgitte Eek på Norska barnboksinstitutet och bilderboksskaparen Mari Kanstad Johnsen berätta om förutsättningarna bakom böckerna, och om sitt arbete. Vad läser norska barn? Vad skriver norska författare om? Och hur kan norska bilderböcker vara så modiga? Dessutom: Lång, lång lista med norska barnbokstips!»

– Korleis er interessa for norske bøker i Sverige? 

Dessverre ganske laber, trur eg? Det er synd! Norsk krim har jo vore stort lenge, og det finns stjerner som gjer det godt i Sverige, men resten er enno uoppdaga. Det finns mykje som burde passa også for det svenske publikumet, men når det gjeld omsetjingar så er det bøker frå England og USA som dominerer her, som i mange andre land.

– Kva er svenske forfattarar og bokfolk mest misunnelige på når det gjeld norsk bokbransje?
Eg gissar att det er innkjøpsordninga og arbeidsstipenda. Det er deteger misunnelig på. Dei føresetnadane er vi ikkje i nærleiken av å ha, men det ville vore så digg å ha det. Eg trur forresten ikkje at det nokon sinne kjem til å henda. Den svenske bokmarknaden utviklar seg i stadig meir kommersiell retning. Dette gjeld både forlaga og opphavspersonane, noko som er supertrist.

– Kva er di norske barne- og ungdomsfavorittbok?

Neeei, gud så vanskeleg! Det er umulig å svara på sånne spørsmål. Jag seier Natt på Frognerbadetav Sverre Henmo, men eg kunne ha laga ei lang liste over norske bøker og forfattarar. Seriøst, dette er ikkje berre eit snilt svar; eg likar verkeleg Noreg som litteraturland.

Høyr podden: Avsnitt#30 – Norge, baby!