Geirdis Bjørlo (f. 1952) har alltid vore glad i å fortelje historier. Den fyrste barneboka hennar, To nissar, som ho også illustrerte sjølv, kom  i 2000. Sidan har ho gitt ut fleire barnebøker og ein roman for vaksne, alle på Samlaget.

Geirdis Bjørlo

Geirdis Bjørlo. Foto: Eivind Senneset

Kva betydde bøker for deg i oppveksten?

I barndomsheimen min var det mange bøker, men få var for barn. Forteljingane far min dikta, var viktigare enn bøkene. Han fortalde om ville dyr i møte med folk og fe, og eg trudde det var sanning, men når han fortalde om dei tre rampete ungane som stadig gjorde ugagn, skjønte eg at han dikta. Han stimulerte heilt klart mi forteljarglede. Som ungdom var biblioteket ein elska stad. Det var ope ein dag i veka, og vi fekk låne heim maks fire bøker kvar gong. Det heldt så vidt. Hurra for folkebiblioteka! 

Kvifor ville du bli forfattar?

Eg har alltid fortalt. Det starta i tidleg barndom med historier i serieform til søster mi. Tema var ”mishandlinga” eg blei påført under eit sjukehusopphald langt borte frå mine kjære, som eg overlevde ved hjelp av list og hemn. Seinare vart småbrørne publikum og forteljingane meir varierte, og eg visualiserte handlinga ved hjelp av teikningar og figurar. Som vaksen var det naturleg for meg å velje teater som formidlingsform.

Det var ei endring i i livssituasjonen som gjorde meg til skjønnlitterær forfattar. Eg vart enke og åleine  om ansvaret for våre to barn. Den yngste var kronisk sjuk i barndomen, og eg måtte ha arbeidsplassen min i heimen ein periode. Skrivinga ”redda” meg. Første boka var ein adapsjon – ei vidareutvikling av eit figurteaterstykke som i mange år var Hordaland teater si juleframsyning. Guri Vesaas på Det Norske Samlaget var rettleiaren min, den beste eg kunne fått, og eg er takksam. Eg illustrerte sjølv, så bok og teater skulle fungere saman.

Kvifor skriv du for barn og unge?

I oppveksten bekymra eg meg over åra som gjekk. Eg ville ikkje at barndomen skulle ta slutt. Yrkesvalet ordna dette for meg. Eg er godt over seksti, i min tredje alder og held  fram med å spegle meg i barna. Når eg møter ei gruppe menneske, er det alltid barna eg ser først. Eg skriv for vaksne også – og for meg sjølv.

Har du ein raud tråd eller fellesnemnar i bøkene dine?

Eg veit ikkje om eg har ein raud tråd, men eg er opptatt av den nære historia. Både den vi har felles og historia den enkelte ber med seg – korleis den verkar inn på notid og framtid. Eg har skrive ein roman for vaksne der handlinga går føre seg i ulike tidsepokar, og to av dei tre barnebøkene mine bygger på norsk folketru. Eg er fascinert av folketrua og meiner den har noko å fortelje oss. 

Er det noko du er spesielt opptatt av som forfattar?

Motivasjonen min er å formidle noko eg sjølv er opptatt av og som kjennest viktig.  Målet er at teksten ikkje berre skal underhalde, men også at den skal engasjere og, om mogleg, gje livsmot og trøyst. 

Kva likar du best å gjere når du ikkje skriv?

Ser eg bort frå samvær med familie og vener, likar eg mine små og større praktiske prosjekt best. Eg har også vore dokkemakar og arbeidd med scenografi og kostymer – arbeid som gir konkrete resultat og meining og glede. Lesing gir meg også mange gode stunder. Dei siste åra har eg lese litt meir sakprosa og fagbøker enn tidlegare. Det er så mykje eg ikkje veit.

Kva forventningar har du til NBU?

Eg har ikkje mykje erfaring med NBU, men kjenner meg svært velkomen og har inntrykk av at NBU er ein raus og seriøs organisasjon som arbeider til forfattaranes beste. Eg melde meg inn i NBU etter å ha blitt oppfordra av andre forfattarar, og er svært glad for det.