Elin Hansson debuterte med Blyanthjerte i 2019, som blei nominert til både Bokslukarprisen og ARKs barnebokpris. I fjor kom Alt som rimer på Gro, også den for mellomtrinnsbarna. Nå er ho rykande fersk medlem i NBU. 

Elin Hansson (f. 1985) vaks opp i Kroken, ei lita bygd utanfor Kongsberg, som ho nå har vendt tilbake til etter nærare 15 år på flyttefot. Ho har tatt forfattarutdanninga ved Norsk barnebokinstitutt og jobbar som journalist og fotograf. Foto: Irene Mjøseng

Kva betydde bøker for deg i oppveksten?

Bøker betydde alt for meg i oppveksten. Me var berre fire stykk i klassa fram til tredje klasse, og to av dei var gutar. Bestevenninna mi budde i ei bygd på andre sida av Kongsberg, og det var ikkje kvar helg me fekk vera i lag. Difor dykka eg ned i bøkene på kveldane. Av og til på dagen òg. Eg blei ein resar på å faka halsbetennelse, slik at eg kunne ligga inne og lesa bøker uforstyrra.

Kvifor ville du bli forfattar?

Eg har alltid vore ein historieforteljar. Det er det eg gjer. Anten det er med fela, fotografiapparatet eller penn og papir. Å vera forfattar kombinerer musikken, bileta og teksten på ein måte som ikkje noko anna yrke gjer. Det er vel difor eg ville bli forfattar, trur eg.

Kvifor valde du å skrive for barn?

Fordi eg synest det er viktig. Barn og ungdom er dei viktigaste lesarane som finst. Så for meg er det ein nobrainer, for å seie det slik.

Har du ein raud tråd eller fellesnemnar i bøkene dine?

Eg er veldig nysgjerrig på relasjonen mellom barn og besteforeldre. Det er grobotn for mykje meir interessante samtalar mellom dei enn mellom barn og foreldre, synest eg. Det er nok grunnen til at to relativt sprø bestemødrer er med i begge bøkene mine. Elles er eg svak for kjærleik. Ordleik. Og bitchie bestevenninner.

Er det noko du er spesielt opptatt av som forfattar?

Eg vil gjere det akseptert å skrive morosame bøker. Eg veit det ikkje er slike bøker som vinn prisar og sånt, men det er så viktig å le. Folk ler altfor lite no om dagen, synest eg.

Kva likar du å gjere når du ikkje skriv?

Anten er eg ute i skogen på jakt etter nye stiar, elles sit eg inne og spelar hardingfele eller les. (No har eg og mannen min akkurat flytta inn på eit lite småbruk, så eg ser for meg at det blir ein del luking i åra framover. Men det er jo litt som å redigera. Så det skal nok gå fint.)

Kva forventningar har du til NBU?

Eg har høge forventningar til NBU, både som ein møteplass for likesinna og som ei slags trygg storesyster som passar på.