Audhild Solberg med den gjeve prisen. Foto: Vibeke Røgler/Foreningen !les

Bokslukarprisen er ein nasjonal leselystpris i regi av Foreningen !les. Hausten 2020 stemte nær 125 000 elevar på mellomtrinnet fram fem superfinalistar, som så blei lesne frå perm til perm av 15 juryklasser frå heile landet.

I dag, på Verdas bokdag, blei det klart kvar for bok elevane likte best. Og vinnaren er Harpa av A. Audhild Solberg.

«Vi liker at den handler om noe mystisk», uttalar juryen. «Det er skummelt på en bra måte, spennende og aldri kjedelig. Vi kjenner at det kribler i magen!»

Solberg mottok også ARKs barnebokpris 2019 for same bok.

NBU gratulerer!

Dei fire andre bøkene som kjempa om prisen, var:
Som ein bror av Alfred Fidjestøl (Samlaget, 2019)
Blå flaggermus av Harald Nortun (Samlaget, 2019)
Kodeord Overlord av Tor Arve Røssland (Vigmostad og Bjørke, 2019)
Magnus Carlsen og sjakkmorderen  av Alexander Kirkwood Brown og John S. Jamtli (Cappelen Damm, 2020)

Juryklassene:
5. trinn ved Koppang skole (Innlandet)
5F ved Træleborg skole (Vestfold og Telemark)
5C ved Kastellet skole (Oslo)
5. trinn ved Saga skole (Troms og Finnmark)
5.-7. trinn ved Onøy-Lurøy skole (Nordland)
6. trinn ved Tu skule (Rogaland)
6. trinn ved Bratteberg skule (Møre og Romsdal)
6. trinn ved Kråkstad skole (Viken)
6B ved Vestli skole (Oslo)
6B ved Bjørndalsskogen skole (Vestland)
7. trinn ved Hornindal skule (Møre og Romsdal)
7. trinn ved Laudal skole (Agder)
7B ved Fagerli skole (Vestfold og Telemark)
7B ved Høknes barneskole (Trøndelag)
7A ved Grødem skole (Rogaland)

Sjå video frå prisutdelinga her.