Biblioteket ved Årstad vidaregåande skule er tildelt prisen Årets bibliotek av Norsk Bibliotekforening for innsatsen sin for å skape ein lesekultur på skulen, og for å vere eit førebilete for andre skulebibliotek.  

Bokhavet bokklubb ved Årstad vidaregåande skule i Bergen. Foto: Biblioteket ved Årstad vidaregåande skule.

– Vi er utrolig stolte og glade for å få prisen. Dette er en stor inspirasjon til vidare arbeid, seier bibliotekar David Kvamme Høvik. 

Prisen vart delt ut av leiar for Utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget, Hege Bae Nyholt (Raudt) under eit arrangement på Deichman Grünerløkka 11. januar. 

Årstad vidaregåande skule har om lag 900 elevar og har stort sett yrkesfaglege studieretningar. Biblioteket satsar offensivt for å skape ein lesekultur på skulen. Dei har leseaksjon, bokpodkasten «Årstad les», bokklubben «Bokhavet» og litteraturprisen «Gullkroken». Det siste i samarbeid med Litteraturhuset i Bergen og Bergen internasjonale litteraturfestival. Mykje av arbeidet dei gjer verkar også sosialt utjamnande. Elevane på skulen har ulik sosial bakgrunn, men her får alle ein sjanse til å bli med i eit kulturelt miljø som det elles kan vere vanskeleg å ta del i. 

– Det har nyleg komme nedslåande resultat frå internasjonale leseundersøkingar som viser sviktande leseevne og interesse for lesing blant barn og unge. Derfor er det det gledeleg å sjå at biblioteket på Årstad med den aktive formidlinga si klarer å skape entusiasme for lesing og litteratur blant ungdom. Biblioteket er ein verdig vinnar av Årets bibliotek 2023, seier leiar for juryen Vidar Lund. – Dette er også ein pris til ein skule som brukar biblioteket sitt som ein viktig aktør for dialog, gode relasjonar og elevaktive læringsformer, avsluttar Lund. 

Prisvinnaren fekk eit grafisk trykk, og får låne Brageprisen som vart tildelt folkebiblioteka kollektivt i 2013.  

Dei nominerte til Årets bibliotek 2023 var: Biblioteket ved Årstad vidaregåande skule, Samnanger folkebibliotek, Sør-Varanger bibliotek, Fagbiblioteket på Sjukehuset i Vestfold og Lillestrømbibliotekene.