Ho har vunne ei rekke prisar og har gitt ut 28 bøker. No syr ho eigne illustrasjonar til bildebøkene sine. Vi tok ein prat med  Helga Gunerius Eriksen (f.1950) om kvifor ho skriv. 

Helga Gunerius Eriksen debuterte i 1986 med På stripejakt, ei bildebok. Ho vann Brageprisen i 2003 for Flugepapir saman med Gry Morsund. Helga er fødd i Stavanger, men bur no i Bergen. Foto: Isak Thorsheim Kvinge

Kvifor skriv du, Helga Gunerius Eriksen?

Eg kan ikkje la vere. Det gir både glede og utfordringar.

Kva er di skriverutine?

Ingen rutiner, men gode dagar kan bli lange, særleg etter at eg byrja å sy illustrasjonane i mine eigne bildebøker.

Er du ein plottar, eller skriv du utan plan?

Ingen plan eller plot, men ein uklår ide som kan endre seg undervegs. Eg blir ofte overraska over slutten.

Kva gjer du når du står fast?

Kan ikkje hugse sist eg stod fast, men sannsynlegvis gjer eg noko anna.

Går meg ein tur og arbeider med det i bakhovudet (eller er det i frontallappen?).

Har du nokon forfattarar som inspirerer deg?

Det har eg ikkje grubla så mykje på. Sannsynlegvis blandar alt eg les seg i hop med det eg elles opplever.

Har du ein rød tråd i forfattarskapet?

Eg har trådar i alle fargar, i alle høve i illustrasjonane. Eg kan ikkje finne nokon samanheng, anna enn at nokre av ungdomsbøkene handlar om dei same karakterane.

Korleis har det å vere medlem av NBU hjelpt ditt forfattarskap?

Møta i NBU gjennom mange år har gitt meg kolleger og vener og styrka identiteten og medvitet som forfattar. Arbeid i styre og råd har gitt meg kunnskap om dei litterære institusjonane og støtteordningane. Stipenda har berga økonomien så vidt.

Korleis har forfattartilværet endra seg sidan du debuterte for 38 år sidan?

I dag er eg pensjonist, men arbeider like mykje som før med nye bøker. Eg starta mitt eige forlag under pandemien og lærer stadig noko nytt. Heldigvis har bøkene blitt innkjøpte på innkjøpsordninga, for pensjonen er ikkje så mykje å skryte av.

I mange år var turneverksemd ei viktig inntektskjelde, men det er ikkje like lett å få oppdrag i DKS – kanskje trur dei eg har blitt for gammal til slikt eller det er mykje sterkare konkurranse om oppdraga enn før.

Er det nokon andre sjangrar du har lyst til å prøve eller målgrupper du kunne tenkje deg å skrive for?

Har skrive litt i dei fleste skjønnlitterære sjangrar både for barn og vaksne, men prioriterer bildebøker no.

Er det ei bok du er spesielt stolt over, eller av andre grunner du har lyst til å trekkje fram?

Som regel likar eg aller best den boka eg arbeider med. Men eg vart stolt då den siste bildeboka som kom ut på mitt eige forlag Vandrebok, Sinko og Flinko stablar om, nyleg vart nytta av professor Nina Goga (Høgskulen på Vestlandet) til eit prosjekt på 5. trinn. Ingen tykte boka var for barnsleg, og alle syntest det var kjekt då eg kom og viste nokre av originalbilda i klassen (bøkene eignar seg til vandreutstilling). Boka handlar om sortering av alt frå søppel til natur og menneske, og Nina Goga såg at det låg vitskapsfilosofi bakom.