Er det for mykje entusiasme og for lite kritisk tenking i det barnelitterære feltet? I ein kommentar på periskop.no skriv litteraturvitar Eivind Myklebust:

 

Barnebokkonferansane er prega av ein formidlingskultur som vektlegg det som fungerer, det som slår an og er viktig og vellykka, og med det set nokre grenser for både fagutviklinga og den frie meiningsutvekslinga.

Etter å ha deltatt på fleire festivalar, konferansar og føredrag i 2015 og 2016 – mellom anna fagdagen om ungdomslitteratur og formidling på Litteraturhuset i Oslo (31.8.2015), Appelsinia-festivalen i Skien (23.–26.9.2015), Falturiltu-festivalen på Stord (1.–7.11.2015) og Se og Les-konferansen i Bergen (9.–10.2.2016) – spør han om den faglege entusiasmen også har nokre negative følgjer for den kritiske tenkinga i feltet som heilskap.

Festival og konferanse er ulike sjangrar, men på mange av dei eg nemner ovanfor har det vore uklåre grenser. Ein ting er likevel felles: Formidlaren sitt perspektiv dominerer – både i form og innhald – og entusiasmen for den einskilde boka eller forfattarskapen pregar mange av innslaga. Kanskje tydelegast er dette når forfattarane sjølv får styre sceneshowet, slik dei gjorde under programposten «Dagens essay» på Se og Les-konferansen på Bergen offentlege bibliotek tidleg i februar, og på dei mange forfattarmøta både på denne konferansen og på dei andre tilstellingane.

Les også oppsummeringa til Myklebust frå barnebokkonferansen i Bergen: Ytringar i grenseland: