Kva driv forfattarar med i ferien? Kan forfattarar ta heilt fri? I ein serie skal vi høyre kva forfattarar brukar sommaren til, fri eller skriving eller begge delar. I dag: Sunniva Relling Berg.

– Kva er ferie for deg som forfattar?

– Med ferie tenkjer eg først og fremst på mulegheita til å skrive meir samanhengande, over fleire dagar, sidan dette er ein luksus eg sjeldan har.

– Kor mykje tar du deg fri frå skrivinga i sommar?
Ikkje så mykje, men det blir eit par veker med reise der dagane skal vere fulle av aktivitetar.

– Er sommaren ei god skrivetid for deg?

– Ja. Eg veit ikkje heilt kvifor, men eg føler ofte at denne tida plar trigge skrivegleda. Kanskje har det noko å gjere med varmen og luktene, avbrekket frå dagleglivet og den fine stilla som kan ligge over dagane. Kimen til den andre boka mi, Beina i gitaren, kom på ein tre vekes ferietur i Frankrike og oppstod i ei lita kladdebok, raske notat innimellom alt det andre som skjedde.

– Klarer du uansett å ta deg heilt fri frå skrivinga? Eller har du karakterar eller hendingar som følgjer med deg?

– Skrivehjerna er alltid på. Eg er nysgjerrig på ting rundt meg og tankane forfølgjer ein spanande idé uansett om eg har tid eller ikkje. Det at eg har bestemt for å ikkje skrive ein periode, kan gjerne frigjere inspirasjon og det er eigentleg fint (sjølv om det av og til kan bli slitsomt at eg ikkje klarer å slå av)

– Arbeider du med bok for tida, vil du ev seia litt av kva det er?

– Eg arbeidar med noko, men det er framleis tidleg i prosessen og då er eg som ei overbeskyttande mor. Teksten blir min vesle hemmelegheit, som eg gler meg til å la andre få sjå, men han må klare å stå på eigne bein først.

– Har du ferdig bok som kjem til hausten, ev kva da?

– Nei.

– Er det ei bok du gler deg til å lesa i sommar?

– Eg gler meg til å lese mange bøker i sommar, og gler meg over luksusen av å sleppe å lese pensum/ha dårleg samvit fordi eg vel å lese noko anna enn pensum.

– Har du eit godt ferieleseminne du kan dele?

– Eg hugsar då eg las Shantaram, ein varm ferie der eg forsvann inn i boka. Minna frå den ferieturen er fulle av India, varme, folk med store smil og solnedgangar og ein fascinasjon for Gregory David Roberts.

– Kva er ein god sommardag/sommarkveld for deg?

– Sykling og bading, og lange kveldar med god mat og godt selskap.

Les også:
Min forfattarsommar: Janne Aasebø Johnsen
Min forfattarsommar: Sigbjørn Mostue