Etter fem år som nettredaktør for NBUforfattere.no, takkar Magnhild Bruheim for seg, samstundes som ho også går ut av NBU-styret.

– Det er ei tid for alt. Når eg gjekk ut av styret, var det også naturleg å avvikle jobben som nettredaktør. Alt som foregår i NBU og bransjen vil bli litt fjernare nå, og eg synest det er ein fordel at ein nettredaktør er nærmare hovudbølet, seier Magnhild.

Ho blei medlem i NBU i 2007 og kjende seg umiddelbart heime i organisasjonen.

– Eg søkte medlemsskap i NBU etter at eg hadde gjeve ut den andre ungdomsboka mi. Vart veldig glad for å få ja, for eg hadde fått nei første gongen eg søkte DnF. I NBU kjende eg meg inkludert, derfor ligg ein del av hjartet mitt i foreininga.

I 2011 vart Magnhild valt inn i styret og har også fungert som nestleiar i ein periode.

– Da eg ved juletider i 2010 vart spurt om å sitja i styret, svarte eg straks ja. Eg kunne velja mellom å sitja i styre eller råd, eg meinte eg kunne gjera best nytte for meg i styret, på grunn av veldig mykje styreerfaring frå heile mitt vaksne liv. Eg sa ja fordi eg hadde lyst til å engasjere meg i ei forfattarforeining.

– Kva er dei beste minna du tar med deg etter seks år i styret?

– Dei beste minna er knytta til fellesskapet, det å arbeide saman med kollegaer om viktige saker for forfattarar, det å møte blide, glade, hyggelege forfattarar på årsmøte og medlemsmøte, år etter år.

– Kva meiner du er dei viktigaste sakene NBU jobbar med framover?

– Å halde fram arbeidet med å vinne forståing for og betre dei økonomiske kåra for forfattarar, sikre gode avtaler og gode vilkår for forfattarar og bøkene, mellom anna gjennom boklov eller bransjeavtale. Arbeidet for skolebiblioteklov. Eg synest den nye leiaren Taran Bjørnstad set fokus på det viktigaste i den første kommentaren sin på heimesida.

Med bakgrunn som journalist i NRK, var ho også eit naturleg val som nettredaktør i 2012.

– Å vera nettredaktør inneber at eg må følgje godt med på det som skjer, nominasjonar, prisar, diskusjonar, synspunkt, viktige artiklar, alt som har med bransjen å gjera. Det er også ein fin måte å bli kjent med mange kollegaer gjennom intervjuseriar og kontakt med nye medlemmer.

– Kva meiner du nettsida til NBU skal vere?

– Nettsida skal spegle det som foregår i bokbransjen, dei aktuelle spørsmåla som er oppe som vedgår barne- og ungdomsbokforfattarar. Når medlemmer les heimesida, skal dei få inntrykk av at dei følgjer med. Eg synest elles at det er ein fin arena til å bli kjent med andre medlemmer som blir presentert og intervjua.

– Og no som du ikkje lenger har styreverv eller jobb som nettredaktør – kva skal du bruke tida di på framover? Eg ser blant anna at du lanserer ny bok snart?

– Det er riktig at eg ikkje lenger har plikter som nettredaktør, men det stemmer ikkje at eg ikkje lenger har styreverv. Rett nok ikkje i NBU, men mesteparten av livet har eg aldri hatt færre enn to styreverv samtidig, om ikkje alle har vore like tidkrevjande. Det styrevervet eg kjem til å bruke mest tid på i dei nærmaste åra, er i Diktardagar i Vågå, Lom og Skjåk. Diktardagane blir nå arrangert kvart år, og går over tre-fire dagar. Eg kjem til å få mykje å gjera i programnemnda for Diktardagar 2018. Elles har eg som mål å få meir tid til å skrive. Boka eg lanserer nå i vår, er ikkje ei skjønnlitterær bok, det er historia til Gudbrandsdalslaget i Oslo, eit oppdrag eg begynte på hausten 2015. Eg syntest det var spennande å jobbe på den måten også, med masse research i arkivmateriale for å laga ei faktahistoria av det.

Vi takkar Magnhild for det solide arbeidet ho har gjort i både styret og som nettredaktør!

Les: Ny nettredaktør for NBUforfattere.no