I 2016 blei det lånt 7,5 millionar skjønnlitterære bøker for barn og unge. Dette er det høgaste talet nokon sinne målt i Norge.
– For første gong sidan tidleg på 90-talet låner barn og unge no i snitt meir enn åtte skjønnlitterære bøker i året. Dette syner at dei norske folkebiblioteka har lukkast i si sterke satsing på litteraturformidling til denne gruppa, seier Aslak Sira Myhre, direktør for Nasjonalbiblioteket i ei pressemelding.
Folkebiblioteka opplevde rekordstort besøk i fjor. Med 24 millionar besøk blei det sett ny brukarrekord i 2016. Med 47 000 gjennomførte arrangement har aktivitetsnivået auka til nye høgder, viser tal frå Statistisk Sentralbyrå.
– Dette er særs godt nytt og gledelege tal. Samla viser statistikken at norske folkebibliotek på ein god måte har møtt den nye mediekvardagen og dei politiske satsingane som ligg i den nye biblioteklova og Nasjonal bibliotekstrategi, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.