Audhild er forfattar med ny bok no i haust  og ny redaktør for nettsidene våre.  (Foto: NBU)

A. Audhild Solberg tar over redaktørjobben for nettsidene våre. Solberg er styremedlem i NBU og har bakgrunn frå forlagsbransjen. Vi tok ein liten prat med den nye redaktøren om kva tankar ho har innfor den nye jobben.

Av: Ingelin Røssland

– Kva er ditt forhold til NBU?

NBU er forvaltaren av interessene mine som barne- og ungdomsbokforfattar. Men etter at eg blei med i styret i fjor, har vi tatt forholdet eit steg vidare, frå uforpliktande vennskap til fast følge. Det er sabla hyggeleg!

– Korleis har du brukt NBU sine nettsider fram til no når du overtar ansvaret for dei?

Som ei kjelde til informasjon og nyheiter frå barne- og ungdomsbokverda.

– Kva informasjon meiner du er viktig å ha på nettsidene?

Saker som er relevante for oss som barne- og ungdomsbokforfattarar og NBU-medlemmer. Det kan vere alt frå informasjon om kontraktar til bokbransjenytt og inspirerande forfattarintervju.

– På kva måte vil du vidareutvikla innhaldet på nettsidene?

Håhå, nå kjem det til å ta heilt av her! Nei da, eg har tenkt å vidareføre det gode arbeidet gjort av deg, Ingelin. Formidle kva som skjer i litteraturmiljøet generelt og NBU spesielt, snakke med bra folk og by på fascinerande kuriosa om medlemmene i NBU.

– Kva meiner du skal til for at medlemmene skal bli flinkare til å bruka nettsidene?

Mitt tips er fleire saker ein ikkje kan lese andre stader – og tja, meir sladder og moro frå barne- og ungdomsbokmiljøet? Eg er sikker på at medlemmene i NBU har mykje juicy snusk å komme med. Det er berre å ta kontakt!

A. Audhild Solberg (f. 1975) er opphavleg telemarking, men bur i Oslo. Ho er cand.philol. i nordisk språk og litteratur og skriv på både nynorsk og bokmål. Solberg fekk ARKs barnebokpris og Barnas bokpris for debutboka Kampen mot superbitchene, som er omsett til åtte språk. Ho har skrive ytterlegare tre bøker om superbitchene og ein grøssar for ungdom. Hennar sjette bok kjem i haust.