Ingelin Røssland feirar 21-årsjubileum som forfattar i år. Foto: Lars Myhren Holand/Samlaget

Aktuell med: Ungdomsromanen OMG  (2019)

Kva barne- eller ungdomsbok skal du gi bort til jul i år?

Eg skal gi bort eit signert eksemplar av Ulla  av Anna R. Folkestad. Det er fordi son min er Annas største fan. Eg gler meg veldig til å lesa boka høgt for han. Det blir nok like stas for oss begge.

Kva bok ville du ønskt deg viss du sjølv var ung?

Eg ønskjer meg bøker for barn og unge sjølv om eg er vaksen. Min indre fjortis vil gjerne kasta seg over følgjande bøker: Udyr av Kristine Tofte, I morgen av Caterina Cattaneo, Polarnatt av Sunniva Relling Berg, Avlyst på grunn av sorg av Magnhild Bruheim, På omveien hjem av Vilde Kamfjord, og så vil eg avslutta det heile med Linn T. Sunne sine biografiar om Katarina den store, Margrete 1. og Elizabeth 1. som ein herleg dessert.

Ingelin Røsslands indre fjortis ønsker seg m.a. desse tre bøkene til jul.

Har du eit juleminne knytt til ei barne- eller ungdomsbok?

Minneverdig bok for både Ingelin Røssland og bror hennar.

Jula 2000 ønskte eg meg boka Ein naken gut av Rune Belsvik. Bror min nekta å gå inn i bokhandelen på Stord og spørja etter ei bok med ein så pinleg tittel. Eg argumenterte for at det var jo berre ei bok, og at det ikkje var nokon grunn til å vera redd for bøker uansett kva tittel dei hadde. Han meinte eg burde skaffa meg normale julegåveønske.

Enden på visa blei at mor mi kjøpte boka. Ho pakka den fint inn, og bror min skreiv motvillig på til/frå-lappen. Eg les boka på ein ettermiddag, lukkeleg for at eg fekk mitt høgste julegåveønske oppfylt.