Ho har skrive over 50 bøker for barn, både skjønnlitteratur og sakprosa. Erna Osland (f. 1951) er ikkje i tvil om kvifor ho skriv. Men ho trur ikkje ho hadde våga å begynne og skrive i dag. 

Erna Osland er født mellom Høyangers høge fjell, bur nå ved havet ytst i Gulen. Ho debuterte med si første skjønnlitterære bok i 1987. Foto: Lene Løtvedt

Kvifor skriv du, Erna Osland?

– Det er moro!

Kva er di skriverutine?

– Eg skriv når eg har lyst, og det har eg mest kvar dag.

Er du ein plottar, eller skriv du utan plan?

– Eg skriv i veg. Skriv og stryk. Synest ofte eg stryk meir enn eg skriv, og likevel blir det litt att.

Kva gjer du når du står fast?

– Stryk!

Har du nokon forfattarar som inspirerer deg?

– Eg liker dei som lit på lesaren. Tormod Haugen var god på det, svært god den tid eg begynte å skrive. Dessutan lar eg meg begeistre av forfattarar som kan skrive bøker i lite format, men med stort innhald i elegant form. Vi har ei rekke slike forfattarar i NBU, inspirerande for kollegaer!

Har du ein rød tråd i forfattarskapet?
– Eg vil jo, men veit ikkje om eg får det til, skrive fram noko av det gode som finst i verda, gjere det synleg for den vesle lesaren.  

Korleis har det å vere medlem av NBU hjelpt ditt forfattarskap?

– Det var herleg å komme inn i NBU. Å få snakke om barnelitteratur med dei som verkeleg kunne skrive. Vi som var så heldige å få sitte i Rådet og lese alle andre sine bøker, hadde det strevsamt, men kjekt. Vi diskuterte, slik mange gjorde den tid, kva barnelitteratur eigentleg var, kva som skilde den frå litteratur for vaksne. Vi ville dei små lesarane vel, sjølv om vi gjorde det på ulike måtar. Og ser ein det i lys av den diskusjonen som går i dag, om kva god litteratur er, så var barnelitteraturens mange og ulike oppgåver heilt klare når stipend skulle fordelast.  Barnelesaren skulle lære å lese, (det er ikkje mindre viktig i dag!) gjerne mens hen let seg underhalde. Men barnelitteraturen, som all anna litteratur, skulle først og fremst hjelpe lesaren til oppdage slikt om berre språk og anna god kunst kan. Å konkurrere med barns eigen fantasi og leik, legg eit særskilt ansvar på den som vil skrive for barn!

Korleis har forfattartilværet endra seg sidan du debuterte for 37 år sidan?

– Eg trur ikkje eg hadde våga å begynne å skrive i dag. Eg er for uglad i nettet.

Er det ei bok du er spesielt stolt over, eller av andre grunner du har lyst til å trekkje fram?

– Eg er mest glad i dei uferdige bøkene mine, dei eg arbeider med. Av dei ferdige, tenker eg varmast om dei eg har laga med gode folk. Og gode folk har eg hatt rundt meg i fleng! Kloke redaktørar, gode konsulentar og strålande illustratørar og formgivarar. Og som om det ikkje var nok, eg har hatt korrekturlesarar som har vore så kunnskapsrike at også denne aller siste etappen for å få fram ei bok, blei ein fryd. Men om eg skulle velje ein tittel, vel eg Spring!, illustrert av Per Ragnar Nøkleby. Aldri har eg vore meir stolt for å få eit stipend som da eg fekk seniorstipend frå NBU. Stipendet var starten på skrivinga, enden på visa var at boka fekk Kulturdepartementets pris. Og aldri har eg vore meir glad for å lese kyndig lesarar si lesinga av ei bok som var mi.

Noko meir du vil si, på tampen? 

– Å skrive for barn har vore ei herleg rekke av ulike samarbeid. Ein fest. Og festen er ikkje slutt, til hausten kjem ei verdshistorie, illustrert av Victoria Sandøy. Vi følgjer barns levekår får steinalder og fram til vår tid, frå jakt til klasserom. Eit halsbrekkande prosjekt. Men det kan ein unne seg i min alder saman med eit ekstra modig forlag. Moro er det i alle fall.