Forfattar Arnt Birkedal. Foto: Herman O. Awuku

Aktuell med: Ellinga, meldinga, Sandnesguten (dikt, 2019). Siste bok for barn og ungdom: Altså (2017).

 Kva barne- eller ungdomsbok skal du gi bort til jul i år­?

Rasmus Løland (1861-1907) skreiv bøker for både barn og vaksne og blir rekna som ein av dei største i nynorsk barnelitteratur.

Gutar av Rasmus Løland, ei samling utvalde historier som kom ut i 2007, hundre år etter at diktaren gjekk bort. Litt, kanskje, for å visa mottakaren korleis det heile byrja, kor den norske barne- og ungdomslitteraturen kjem ifrå. Men mest for at han skal få høve til oppleva det eg opplevde då eg las dette første gongen. Det er ikkje lenge sidan, eg var veldig godt vaksen då eg såg det store nashornet stå borti mørkret på den furuhaugen. Då eg drog til Nordpolen 1. juledag; eg sat, nokså trygt, i magen til ein staut, modig isbjørn. Og, ikkje minst,  då eg gjekk meg vill med han Nils i den djupe, mørke skogen. Trollskogen, draumeskogen, den som finst like rundt hjørnet her.

Kva bok ville du ønskt deg viss du sjølv var ung?

Ragnar Hovland fekk Kritikarprisen for denne boka i 2006.

Kjem jo litt an på kven eg var this time around, og kven som var foreldra mine og sånn. Viss eg var om lag same karen som no, så ville eg ha ønskt meg Fredlaus av Ragnar Hovland. Det er verkeleg ei ungdomsbok etter mitt hjarte. Like bortanfor alt dette vanlege, traudige, finst eit grenseland, ein eventyrskog, ei draumestripe. Ein barndom, om du vil. Der absolutt alt kan skje. Der ein kan drøyma seg heilt vekk. Det same landskapet som han Rasmus såg og skildra 100 år tidligare.

Har du eit juleminne knytt til ei barne- eller ungdomsbok?

Mitt første skikkelege leseminne er at eg sat i den store gule stolen i stova og las dei tre Musketer-bøkene: De tre musketerer, Musketerene tyve år etter og Musketerenes siste bedrifter av han Alexandre Dumas – og assistentane hans. Det var seks bind. To for kvar bok. Eg hugsar at bøkene var mjuke og kvite. (Eg ser no, eg har googla det, at dei var gitt ut på Dovre Forlag.)

Slik såg dei ut, dei kvite Musketer-bøkene til Dovre Forlag.

Eg har aldri vore spesielt julete. Så eg hugsar ikkje om det var jul. Men det var i alle fall vinter. Det var snø ute. Eg hadde varme strikkeraggar på.

Eg blei spesielt glad i Porthos. Hugsar eg sakna han då han gjekk bort. Saknar han litt framleis. Bøkene blei heilt sikkert ikkje skrivne og gitt ut som barnebøker i si tid. Men for meg i godstolen i stova, med ei kvit bok og ein katt på fanget, svært tidleg 70-tal, var det absolutt det dei var.