Forfattar Helga Gunerius Eriksen. Foto: Hilde Holthe-Berg

Siste bok: Eg er ikkje så aktuell med utgitt barnebok (Peri og Peti vender om (2013)), som med ikkje utgitte barnebøker. Dei siste to bøkene mine, Vi bygger om (2017) og Sus og Dus byter om (2019), kallar eg vandrebøker: Dei er store utstillingsbøker i eitt eksemplar med broderte materialbilde, tekst og musikk, og dei vandrar i Den kulturelle skulesekken og på bibliotek med forfattar/illustratør (meg sjølv) og musikar/komponist Anette Thorsheim på toradar.

Kva barne- eller ungdomsbok skal du gi bort til jul i år­?

Lydboka Keeperen og havet innlesen av forfattaren Maria Parr varer akkurat så lenge som toget tek mellom Oslo og Bergen (med matpause). Innlesinga er vakkert gjort, utan all tolkinga og snublinga mange skodespelarar utstyrer andre lydbøker med, og boka er full av ville innfall, varme og menneskelege innsikter som kallar på både lått og tårer (litt flaut å sitja på toget med tårer i auga). Eg vil kjøpa denne lydboka til ein eller annan som trur dei må ta fly mellom byane, og be dei ta toget i staden. Fin utsikt er det også, om ein reiser medan det er lyst.

Kva bok ville du ønskt deg viss du sjølv var ung?

Eg ville ha ønskt meg ei av bøkene til Ragnar Hovland, som eg meiner er ein av dei beste forfattarane vi har for alle aldrar. Han skriv klassikarar som ikkje blir utdaterte, og eg kunne til dømes ha lese Fredlaus, som han fekk Kritikarprisen og Nynorsk litteraturpris for i 2006.

Eg siterer frå juryen til sistnemnde: ”På utsida er Fredlaus forteljinga om 15 år gamle Andreas som rømmer heimefrå og slår seg ned i eit tomt hus i skogen etter at foreldra har fortalt at dei skal skilje seg. (…) Tonen i boka skildrar poetisk treffsikkert og stiller seg heilt solidarisk med den merkelege blandinga av det vaksent skråsikre og det sårbart utrygge som pregar ungdomsåra. Fredløysa gjeld altså som ein dobbelt metafor: Ungdommen er alltid ein rømling.”

Har du eit juleminne knytt til ei barne- eller ungdomsbok?

Den norske og svenske (under) utgåva av Det blåser på månen. Boka finst framleis – i alle fall på nettet.

Eg fekk alltid bøker til jul av mormor og morfar, og eitt år fekk eg Det blåser på månen av Eric Linklater, omsett av Anders Hagerup i 1946 til ein litt underleg samnorsk. Den gongen vart ikkje bøker uaktuelle det året dei kom ut, og denne boka var sikkert 15 år gammal då eg fekk ho.

Me hadde eit uttrykk som sa at du skal vera forsiktig kva du gjer når vinden snur, for du kan bli slik. Forteljinga om dei to uskikkelege døtrene til major Hopp tek utgangspunkt i ei slik segn, og jentene forblir uregjerlege eit heilt år. Ein periode er dei kenguruar fanga i ein dyrehage, der dei lærer seg dyrespråk og får vener for livet.

Alt i kapittel 3 kjem ein uventa brutalitet inn i forteljinga idet både vaksne og barn startar mobbing og slåstkamp på torget. Eg hadde tre mindre søstre og ein minstebror, så eg kunne nok godt tenkja meg å gjera ein del ugagn inspirert av heltane Dina og Mina. Boka er nokså omstendeleg fortalt til å vera ei barnebok, men har eventyrlege, surrealistiske innslag og føregår i ein engelsk småby med guvernante i heimen og mor med perleband til kvardags, i seg sjølv eit eksotisk miljø for meg, ei norsk bygdejente.

At litteraturen kan ta ein med til stader ein aldri har vore og heller aldri kan koma i det verkelege livet, var ei erfaring som tidleg gjorde meg til ein entusiastisk lesar. At vi no veit at det ikkje finst atmosfære på månen og at det difor ikkje kan blåse nokon vind der, spelar ikkje noko rolle for denne historia, som er usannsynleg på dei fleste andre vis også.

”En grein av et gammelt, morkent epletre slo mot vinduet” er andre setning i Det blåser på månen. Eg trudde eg hadde gløymt heile boka, men då eg 30 år seinare skreiv Stjerna over Bergen (ei typisk julebok), dukka det brått opp eit epletre i innleiinga: ”Spøkelset i den store eplehagen heldt fred denne kvelden – det var berre ei bladlaus eplegrein som rørte seg i vinden og skrapte mot garasjetaket.”

Eg lurer på kor den greina kom frå? Var det månevinden som førte ho med seg?