Kategorien «open klasse» rullerer og blir kvart år bestemt av styret i Brageprisen. I fjor var det sakprosa for barn og unge som blei valt, og prisen gjekk til Mariangela Di Fiore og Cathrine Trønnes Lie si bok Søstre. Min historie etter Utøya (Vigmostad & Bjørke).

Nå har styret i Brageprisen bestemt at sakprosa for barn og unge skal vere open klasse-kategorien dei neste tre åra, i fyrste omgang som eit prøveprosjekt.

– Ein kan melde på bøker til vaksne i kategoriane skjønnlitteratur og sakprosa, så nå vil vi prøve det same for barn og unge, seier dagleg leiar i Brageprisen, Siri Ekestad Bauge til BOK365.

Brageprisen består av 75 000 kr og ein Brage-statuett laga av kunstnaren Børre Larsen. Alle norske forlag kan melde på bøker til prisen. Fire juryar nominerer fire bøker kvar, som så blir vurderte av eit såkalla elektorat, som består av 27 elektorar frå heile landet, ni i kvar kategori (tre bokhandlarar, tre bibliotekarar og tre kritikarar). Elektorane stemmer, uavhengig av kvarandre, på dei fire nominerte bøkene i sin kategori. Boka med flest stemmer vinn. I open klasse er det juryen som avgjer vinnaren.

Les meir om Brageprisen her.

Brage-vinnarane i 2021. F.v. Jon Fosse (skjønnlitteratur), Mariangela Di Fiore og Cathrine Trønnes Lie (open klasse: sakprosa for barn og unge), Lena Lindgren (sakprosa) og Erlend Skjetne (barne- og ungdomslitteratur). Foto: Samlaget