I denne intervjuserien ser vi nærmere på selve skriveprosessen, håndverket, arbeidet. Vi spør drevne, dyktige forfattere hvordan de tenker omkring dette, og forsøker også å lirke ut av dem et skrivetips eller fem. Denne uka: Atle Hansen.

Av Elen Betanzo

– Hvordan ser en god arbeidsdag ut for deg?

– Eg har ulike typar arbeidsdagar, sidan eg er journalist annakvar veke og driv med bokskriving, turnering i skular og jobbar med musikk no og då dei andre vekene. Når eg jobbar med bokskriving likar eg å komma i gang i nitida og så jobba to-tre timar fram mot klokka tolv. Då går eg gjerne ein lang tur med hunden, dersom eg ikkje gjorde det før eg sette meg til med skriving. Står eg fast i skrivinga, kan ein tur i skogen og/eller langs sjøen vera ein god måte å komma vidare på. Stundom kjem eg også på nye idear til bøker på slike turar. Å gå er godt for både kropp og tankar. Etter klokka 12 skriv eg lite. Les gjerne litt. Spelar gitar og prøver å få til ein song, noko eg sjeldan greier, og går og handlar, drikk kaffi på kafe og går heim og lagar middag.

9788252182545– Har du noen faste arbeidsrutiner?

– Eigentleg kan eg vel arbeida kor som helst, berre eg sit godt og er i god form. Skal ein skriva må ein vera opplagt i kroppen og klar i hovudet. Eg har ofte eit krus med te, som kjølnar etter kvart, ved sida av meg. Og skriv gjerne med beina på bordet, sitijande i ein god stol.

– Hvordan ser det ut på arbeidsplassen din?

– Eg har fått meg eige kontor som tilbygg på huset. Der har eg store vindaugo med utsikt til fjord og fjell og apalen i hagen der fuglane festar på frø og korn om vinteren. Elles har ein god del gitarar ståande og hengjande, eit elektrisk piano som eg aldri brukar og nokre bokhyller. Og elles kvite veggar. Eg likar godt å sjå inn i ein kvit vegg når eg skriv. Det er mykje å sjå der.

– Hva er du helt nødt til å ha rundt deg når du skriver, og hva kan du ikke ha rundt deg?

– Eg likar å ha det stille, men kan skriva på kafear (kafesurret er også ei slags stille, så lenge ein ikkje lyttar til det som vert sagt), eg har mest aldri musikk på. Eg høyrer på musikk, når eg høyrer på musikk, og sjeldan elles.

– Hva gjør du når du står fast?

– Legg det vekk og går ein tur. Det kan løysa opp i floker. Eller legg det vekk og tek det fram om nokre veker og ser om eg finn nye vegar å gå eller tråar å nøsta opp i. Får eg det ikkje til då, så let eg det liggja i nederste skuffa på harddisken og tek det fram og snur og vender på det av og til for å sjå om det no kan ristast noko meir ut av teksten, eller om han framleis er like daud.

– Har måten du jobber på endret seg underveis i forfatterskapet ditt?

– Nei, eg skriv vel no som då. Byrjar i ein ende, med ein setning og skriv ein setning til, og så ein tredje og då er eg gjerne i gang. Eg har sjeldan planar for korleis handlinga skal utvikla seg.  Eg har ein situasjon eller ein setning eg likar, eller gjerne eit namn på ein fyr som eg har lyst til å vita kven er.

Vegen opnar seg etter kvart som eg går han og byr gjerne på både svingar, haugar og hamrar, bruer og uoverkommelege kløfter og brot. Eg skulle gjerne gjort som mange andre og laga disposisjonar og tenkt ut det heile før eg sette i gang, men det får eg altså ikkje til. Eg synest også det er kjedeleg. Skrivinga er ein måte å fortelja ei ny og ukjend historie til meg sjølv, og viss ho då er kjekk for andre å lesa også, så er jo det strålande.

– Hva er ditt aller beste skrivetips?

– Les mange gode bøker – og nokre dårlege. Prøv å herma etter dei du likar. Å herma er ein god måte å læra teknikk på, anten ein skal syngja, spela gitar eller skriva bøker. Men når du er ferdig med herminga, må du prøva å finna fram til ei stemme som er særeiga og di.Den-svarte-oksen

Skriv, også når du trur du ikkje får til å skriva.

Les høgt til deg sjølv. Ein tekst som er god å lesa høgt er ofte fin å lesa inni seg og.

Ver konkret. Ikkje spjåka deg ut med for fargerike bilete og fantasirike metaforar.

Gå på tur. Ikkje for å komma på noko å skriva om. Men for å la tankane vandra sine eigne vegar og gjerne visa deg nokre ord, tankar, figurar eller setningar, eller namn på folk du vil fortelja om.

Heimesida til Atle:  atlehansen.net

Jobbintervju: Kari Bøge

Jobbintervju: Lars Mæhle